Hopp til innhold

Vil blokkere fjorden

Fedje-innbygjarane har fått nok. No vil dei blokkere skipstrafikken.

Kystministeren på Fedje

Folk i Fedje er lei av å vente på heving.

Foto: Hommedal .Marit / SCANPIX

Misnøyen med regjeringa si handtering av ubåtvraket utan for Fedje er stor.

– Folk er fortvila, dei er lei, og dei trur ikkje på styresmaktene, seier Kristin Handeland, ordførar i Fedje.

Ordførar Kristin Handeland på Fedje snakkar om sine sambygdingar. Den saka om den kvikksølvlasta Ubåten som ligg i havet er årsaka.

LES ÒG: Full forvirring om u-båtheving | Opphevet vedtaket om ubåten | Fleirtal for heving

Skipsblokkade

Lokalbefolkninga er no så lei av å venta på hevinga at dei vurderer å sperra Fejdeosen med småbåtar.

Terje Søfteland står i spissen for aksjonen, som vil hindra skipstrafikken.

– Me tenkjer på ein blokkade med småbåtar og litt forskjellig, seier han,

Han seier at haldninga frå styresmaktene gjer folk irriterte og fortvila.

– Dei høyrer jo verken ikkje kva me seier eller gjer, seier Søfteland.

Og no kan fortvilinga verte handling. Frå Hellesøy fyr på Fedje og over Fedjeosen til Øygarden er det rundt 1,2 nautiske mil. Dersom leia vert sperra vil det få konsekvensar for rundt 20 skip i døgnet. Både cruiseskip til Bergen og supplybåtar og tankbåtar til Sture i Øygarden kan då verte hindra.

Han tør ikkje seie når dei skal gjennomføre blokkaden, men fortel at han har snakka med folk i Fedje og Gulen. No vil dei samlast og tenkje gjennom kva dei vil gjere.

LES ÒG: – Ubåten skal heves | Jens ga dem svar

Full forståing

Kristin Handeland

Kristin Handeland meiner folk har rett til å markere synet sitt.

Foto: NRK

Ordførar Handeland har stor forståing for at folk reagerer.

– Det har vore ein årelang kamp, og no er me nesten tilbake til startlina. Det er klart at med alle dei utredningane dei ligg opp til no, så går åra fort, seier ho.

– Trur du at ein eventuell aksjon vil ha noko å seie til eller frå?

– Folk må jo få lov til å markere sitt syn, og det har eg full forståing for at dei gjer, seier ordføraren.