Vil bli kvitt trynefaktorkarakterar

Anonyme prøvar skal fjerna trynefaktorkarakterar i den vidaregåande skulen.

Eksamen

Tre skular i Hordaland skal til våren prøva ut anonyme heildagsprøvar.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

Fylkestinget i Hordaland vedtok tysdag at tre skular i Hordaland skal prøva ut anonyme heildagsprøvar. Forsøket skal starta til våren.

– Me skal hindra at det kan bli forskjellsbehandling der trynefaktoren spelar inn. Då anonymiserer me prøvane, slik som ein gjer blant anna når ein har eksamen, og det blir gjort på ei rekke av friskulane i fylket, forklarer Petter Kvinge Tvedt (FrP).

Lærarane er skeptiske til forsøket. Dei fryktar at ordninga vil gå ut over tilbakemeldingane til elevane.

– Eg trur elevane verken tapar eller vinn karaktermessig. Viss det er det politikarane har tenkt på så trur eg at dei kjem veldig likt ut. Det elevane vil tapa på det er den konstruktive tilbakemeldinga dei eventuelt kan få gjennom læraren sine kommentarar, seier lærar Knut Andersen ved Bergen Katedralskole.

– Bryt med krav

Utdanningsforbundet er kritisk og meiner ordninga bryt med krava som blir stilt til elevane når det gjeld oppfølging og tilbakemeldingar.

– Det å skulla ha anonyme prøvar blir eit paradoks. Når ein ikkje veit kva elevar ein har med å gjera blir det umogleg å gjera kontinuerlege vurderingar og gi tilbakemelding på læringa til den enkelte elev, seier Mildrid Kronborg Økland i Utdanningsforbundet.

– Eg vil seia til Utdanningsforbundet at viss dei er så sikker på at dei gir ei objektiv vurdering, så burde dei prisa dette hjarteleg velkommen. Då kan ein i alle fall fjerne ei kvar tvil om at trynefaktoren spelar inn, seier Petter Kvinge Tvedt.

Elevar ønskjer tilbakemelding

Elev Maren Kloster ved Bergen katedralskole deler Utdanningsforbundet si frykt for at anonymiering skal gå ut over oppfølginga.

– Eg synest det er veldig viktig at me får vita av læraren kva me treng å jobba meir med. Det kan kanskje bli litt svekka viss me byrjar med anonyme prøvar. Eg har ikkje lagt merke til at læraren favoriserer eller noko slikt, seier Maren Kloster.