Vil at politikarar skal representere ungdom: – Ein dårleg idé

Ungdomspolitikarar vil at deira eige fylkesting skal veljast i skulevalet. Forskar er skeptisk til forslaget.

Leonora Hjelle, fylkesleiar AUF i Vestland

MEIR MAKT: Fylkesleiar Leonora Hjelle i Vestland AUF meiner ungdomane vil få meir påverknadsmakt dersom det er ungdomspartia som representerer ungdomane.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK Hordaland

Etter ei veke der skuleelevar har streika i tusental for klimasaka og ungdom fekk hovudrolla i NRK-programmet Debatten, ønskjer ungdomspolitikarane meir innverknad i samfunnet.

Men korleis skal ungdom best kunne påverke politikk og avgjerder i deira fylke?

No føreslår AUF å endre korleis Ungdommens fylkesting i det komande storfylket Vestland blir vald.

– Det vil gje oss meir påverknadskraft dersom det er ungdomspartia som representerer ungdom i Ungdommens fylkesting, meiner Leonora Hjelle, fylkesleiar i AUF i Vestland.

  • Sjå Debatten frå torsdag 14. mars:
    Direktesendt debattprogram med programleder Fredrik Solvang.

    Direktesendt debattprogram med programleiar Fredrik Solvang.

– Litt «bingo» i dag

Dei fleste fylke har eit påverknadsorgan for ungdom, som Ungdommens fylkesting. Korleis og kven som blir vald til å vere ungdommen si stemme, varierer.

I Hordaland er tinget partipolitisk nøytralt, og ungdommane representerer sin kommune.

Fylkesleiar i AUF i Vestland Leonora Hjelle

FYLKESLEIAR: Leonora Hjelle i Vestland AUF.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK Hordaland

AUF lanserer no eit nytt forslag; at kandidatane skal kome inn basert på oppslutnaden ungdomspartia får i skulevala.

– Då kjem Ungdommens fylkesting også til å bli eit endå meir representativt organ, seier Leonora Hjelle, som får støtte frå høgresida i Hordaland Unge Høgre.

– Vi vil eigentleg leggje ned heile Ungdommens fylkesting fordi det fungerer dårleg slik det er i dag, men støttar forslaget frå AUF, seier fylkesleiar i Hordaland Unge Høgre Mille Johanne Christensen.

Ordninga slik den er i dag er ikkje god nok, meiner dei.

– I dag er det litt tilfeldig kven som kjem inn, det er litt «bingo» og litt gjetting. Vi ønsker heller at det skal vere slik at unge kan stemme inn kandidatar frå partiet dei er mest samde i, seier Hjelle.

Ungdommens fylkesutval i Hordaland

UNGT ORGAN: Dette er arbeidsutvalet i Ungdommens fylkesutval i Hordaland

Foto: Åsmund Bergo Aarvik

Skeptisk til meir makt til ungdomspartia

Men Hjelle møter motstand.

– Det kan nok vere grunnar for å diskutere korleis ein får ein god og brei representasjon av ungdomsrepresentantar, men eg synest nok ikkje forslaget frå AUF treffer helt, seier ungdomsforskar Guro Ødegård, som er forskingsleiar ved NOVA ved OsloMet.

Guro Ødegaard

FORSKINGSLEIAR: Ungdomsforskar Guro Ødegård ved NOVA ved OsloMet.

Foto: NOVA

Ho peiker på at målet er å få inn ungdom som kan målbere barn og ungdommar sine meiningar på ulike område i samfunnet.

– Dersom ungdomspartia åleine skal vere dei som representerer unge sine stemmer, står vi i fare for miste mangfaldet av stemmer. Nettopp fordi dei kjem til å spegle partipolitikk, framfor ein barne- og ungdomspolitikk, seier Ødegård.

Ho legg til at ungdomspartia allereie har mange høve til å påverke fylkespolitikken, fordi dei har tett kontakt med moderpartia.

Oda Medhus og Thor Albrektsen
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK Hordaland

«Vanleg» ungdom må også bli høyrt

Leiaren i ungdommens fylkesutval i Hordaland, Oda Medhus, er også skeptisk til forslaget frå AUF.

– Rett og slett fordi ungdommane sitt fylkesutval er ein plattform der ungdom som tar avstand frå partipolitikk kan sei si meining. Dei som er aktive i ungdomspolitikk har mange andre plattformer.

I Sogn og Fjordane sitt ungdomsting kjem medlemmene frå både ungdomsråd i kommunane og fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar.

Thor Albrektsen frå ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane er sjølv medlem i Unge Høgre, men er samd i at Ungdommens fylkesting hovudsakeleg bør vere for ungdom som ikkje representerer eit parti.

– Om ungdomspolitikarane blir dominerande, kan dei som ikkje har skoleringa ein får gjennom eit ungdomsparti, bli utelukka.