Hopp til innhold

Viktige linjer forsvann frå Noregs beste dikt

Olav H. Hauge sitt dikt «Det er den draumen» har fleire gonger blitt amputert gjennom historia. Feilen har forplanta seg og dukkar stadig opp på ny.

Olav H. Hauges «Det er den draumen» er kåret til Norges beste dikt gjennom tidene.

FORFATTAREN SJØLV LAS: Høyr Olav H. Hauge sjølv framføra «Det er den draumen».

Diktet som NRKs sjåarar og lyttarar på søndag kåra til Noregs beste dikt, opnar slik:

«Det er den draumen me ber på / at noko vedunderleg skal skje»

Men det som skjedde i 1972, var ikkje særleg vedunderleg. Ei av dei viktigaste linjene i diktet vart borte då diktet skulle ut i trykt form.

Det var Hauge sjølv som oppdaga feilen. Han viste meg det og var svært lei for det.

Idar Stegane, professor emeritus i nordisk litteratur ved UiB

Slik var diktet opphavleg, i samlinga «Dropar i austavind» i 1966:

«Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.»

– Den beste linja forsvann

Men dei elleve linjene har altså ikkje alltid vore der. Då Samlaget gav ut Olav H. Hauges «Dikt i samling» seks år seinare, gjekk det gale i trykken.

– Den sjuande linja, «at berget skal opna seg», var brått borte!

Det fortel Idar Stegane, professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Stegane kjende diktaren personleg og er ein av dei fremste Hauge-ekspertane i landet.

Idar Stegane

FEILSØKAR: Litteraturprofessor Idar Stegane har kartlagt trykkfeil i Noregs beste dikt

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det var Hauge sjølv som oppdaga feilen. Han viste meg det og var svært lei for det. Han meinte han burde ha sett under korrekturlesinga at linja hadde falle ut, fortel Stegane.

– Hauge meinte faktisk at dette var den beste linja i heile diktet.

Ikkje nok med det. Forlaget trykte endå ein gong diktet utan denne linja. Det var i boka «Regnbogane» i 1983: eit utval Hauge-dikt presentert for born og illustrert av Wenche Øyen.

«Det er den feilen me drar på»

Seinare har denne feilen forplanta seg ei rekke gonger. På internett og i studentoppgåver.

Olav H. Hauge

BERGET I DET BLÅ: Den beste linja i diktet forsvann.

Foto: NTB scanpix

Også ein annan feil har spreidd seg: Ei av dei andre linjene i diktet er av ukjende grunnar blitt delt i to, slik: «at me ei morgonstund / skal glida inn».

– Den Nationale Scene presterte i 2012 å gjera begge desse feila samstundes, fortel Stegane. I programheftet til stykket «Lughnasa – ein irsk seinsommardans» av Brian Friel er diktet sitert utan «at berget skal opna seg», og med morgonstund-linja delt i to.

Ein gatekunstnar i Bergen klarte det betre:

– Lenge stod diktet som graffiti på ein vegg i Sydneskleiven. Der var alle linjene med, og linjedelinga var rett, konstaterer Stegane nøgd.

Hauge-senteret med pinleg feil

Den aller pinlegaste amputasjonen av «Det er den draumen» stod Olav H. Hauge-senteret i heimbygda hans Ulvik for.

I 2015 oppdaga Stegane nok «ein feil me ikkje har visst um». På senteret si eiga nettside mangla det ei anna linje i det ikoniske diktet. Der var den femte linja, «at hjarta skal opna seg», sporlaust forsvunne.

Robåt ved Dalset

HAVARI: Draumen om å glida inn på ein våg.

Foto: Rune Ripe

I boka "Eit dikt vert aldri ferdig. Teksthistorien til Olav H. Hauges dikt" av Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy kan ein mellom anna lesa meir om den kronglete historia til det mest kjende diktet hans.

– Hauge sjølv valde stadig å endra, stryka eller legga til dikt når det vart trykt nye samleutgåver, seier Bjørkøy til NRK.