Hopp til innhold

Viking-seier i historisk kamp på Sotra

TIF Viking vann 3–1 over det slovenske profflaget OK SIP Sempeter under åttedelsfinalen i europacupen i volleyball for menn. Det er første gang på 22 år eit norsk lag har kome så langt.

Volleyball TIF VIking

JUBLAR: TIF Viking kunne juble etter å ha tatt første stikk mot slovenarane.

Foto: Eivind Pettersen

Kampen blei spelt i Sotra Arena torsdag kveld. Dette var første gang eit norsk herrelag i volleyball kunne invitere til åttandedelsfinale i CEV Challenge Cup.

– Det var heilt fantastisk kjekt å spele, med eit veldig bra trykk på tribunen, seier Viking-spelar Ørjan Siljander.

Eit godt utgangspunkt

Dette er første gang eit norsk herrelag har sjansen til å spele seg til kvartfinale i europacupen. Sist eit norsk lag kom så langt var Randaberg i 1994/95.

– Vi kom godt i gang i starten, og då er det som vi berre flyt vidare. Det var ei god kjensle heile vegen, seier Siljander.

Bergensarane har no eit svært bra utgangspunkt for cupen vidare. Trenar Scott Olsen er nøgd.

– Det var ein veldig tøff kamp, der det var jamt mellom laga. Vi hadde ein dyktig motstandar, som ikkje gjorde det enkelt å vinne. Vi er veldig glade for å ha dette som utgangspunkt når vi speler borte om nokre veker, seier Olsen.

Viking vann over Sempeter

SOTRA ARENA: Kampen måtte spelast i Sotra Arena, då ingen plassar i Bergen har fasilitetar til å ha europacupkampar.

Foto: NRK

Returkampen vert spelt i Slovenia 2. februar.

– Vi jobbar bra som eit lag, og har god vinnarvilje. Å vinne kjennest heilt fantastisk. Det er ekstra godt når vi gjer det i ein europacup der vi møter eit lag med profesjonelle spelarar som driv med volleyball på heiltid. Vi i Viking er jo eigentleg ein gjeng med amatørar, ler Siljander.

«Heia Astrid»

Trenaren meiner volleyballherrane framleis har litt å gå på i mottak, men at dei leverte ein strålande kamp.

– I dag tok vi ut alt vi hadde. Eg synest vi gjorde det veldig bra, seier trenar Olsen.

– Blir det feiring i kveld?

– Vi er ein gjeng med seriøse folk, spelarane har familiar og rutinar. Det blir ikkje den største feiringa, vi gjer jobben på bana og er nøgd med det, seier Olsen.

Onsdag kveld fekk kapteinen til Viking, Kåre H. Morken, ei dotter. Det gjorde det heile ekstra spesielt, seier trenaren.

– Det var høgst usikkert om kapteinen kunne stille til kamp, og ei veldig spesiell stemning då han stilte. Vi hadde «heia Astrid» som heiarop før kamp, det er namnet til den nyfødde dottera, seier Olsen.

Viking i Sotra Arena

MØTES IGJEN: Dei to laga møtest igjen i Slovenia om to veker.

Foto: NRK