Hopp til innhold

Viftekrav frå brannvesenet kan gjera bybanetunnelen dyrare

MINDE (NRK): Brannvesenet meiner den tre kilometer lange bybanetunnelen til Fyllingsdalen ikkje er trygg nok. Prislappen kan difor stiga med fleire titals millionar kroner.

Bybanetunnel i fyllingsdalen

UNDER BYGGING: Om nokre år går bybanen til Fyllingsdalen gjennom denne tre kilometer lange tunnelen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Tunnelen gjennom Løvstakken i Bergen er under bygging og vil bli historisk på to måtar.

Med sine tre kilometer blir det den lengste og dyraste tunnelen på bybanenettet. I tillegg skal verdas lengste gang- og sykkeltunnel byggast i eit parallelt løp.

Den skal også fungera som evakueringstunnel.

– Vi meiner dette blir ein tunnel med høg tryggleik, seier sjef for anskaffingar og totalentreprisar i Bybanen utbygging, Ole Wilhelm Mortensen.

Men det er ikkje Bergen brannvesen samde i.

Bybanetunnel i fyllingsdalen

KAN KOSTA: Tek Bybanen Utbygging omsyn til brannvesenet sine krav, vil tunnelen bli fleire titals millionar kronar dyrare.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Seks vogner samstundes

I eit brev til Sweco, som skreiv beredskapsanalysen, og bybaneeigar Hordaland fylkeskommune, listar brannvesenet opp ei rekke forhold dei meiner manglar i tryggleiksrapporten.

– Fleire av dei viktigaste tiltaka har ikkje blitt tatt omsyn til, og det er ikkje gitt tilbakemelding om kva som er gjort av kompenserande tiltak, skriv avdelingsleiar Janicke Larsen i brevet som NRK har fått innsyn i.

Tunnelen som koplar Fyllingsdalen på bybanenettet vil kosta 1,2 milliardar kroner. Når den står klar om nokre år, vil den få høg trafikk.

På det travlaste kan det i teorien vera seks bybanevogner i tunnelen. Kvar vogn vil kunne frakta 285 passasjerar.

I eit skrekkscenario der det oppstår brann, kan det difor vera opptil 1140 passasjerar som må evakuera. Bybanen Utbygging meiner det truleg vil vera maks fire bybanevogner i tunnelen samstundes.

TOT Bybanetunnel i fyllingsdalen

PRISAUKE: Bybanen Utbygging vurderer å lytta til brannvesenet som vil ha mekaniske vifter installert i tunnelen mellom Fjøsanger og Fyllingsdalen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Vil ha vifter

Utbyggarane meiner det parallelle tunnelløpet, som vil vera kopla saman med bybanetunnelen med rømmingskorridorar kvar 500 meter, gir tilstrekkeleg tryggleik under eit slikt scenario.

Men brannvesenet krev at mekaniske vifter kjem på plass.

Slik kan ein styra retninga på røyken. Brannvesenet argumenterer for at det vil gjera det tryggare for redningsmannskap å ta seg inn i tunnelen, samt at personar som treng assistanse under evakuering lettare skal få hjelp.

Dermed gjentek brannvesenet kritikken dei gav i 2018, då dei fekk Statens jernbanetilsyn til å pålegga Bane Nor å ha brannvifter i den nye Ulrikstunnelen på Bergensbanen.

Brannvesenet peikar på at det er installert vifter i tre av dei 18 bybanetunnelane som finst mellom Bergen sentrum og Flesland i dag.

– Dei tunnelane har ein anna geometri, medan denne tunnelen går i ein slak oppoverbakke til Fyllingsdalen. Det vil gi ein naturleg og føreseieleg retning for røykutviklinga, svarar Mortensen i Bybanen Utbygging.

Bybanetunnel i fyllingsdalen

FJELLKNUSING: Arbeidet under fjellet Løvstakken går føre seg kontinuerleg.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Fare for å snu røyken mot dei som evakuerer

Han legg til at det i fagmiljøa er usikkerheit rundt mekanisk ventilering, fordi det også kan skapa farlege situasjonar for dei som rømmer, fordi viftene kan blåsa røyke i deira retning.

Det skjedde til dømes under den store brannen i Gudvangatunnelen i 2013. Der fekk naudetatane sterk kritikk for å ha snudd røyken mot bilistane som sat fast.

I utgangspunktet meiner utbyggarane at det er tilstrekkeleg at folk bergar seg sjølve gjennom dei merka rømmingskorridorane til sidetunnelen.

Bybanetunnel i fyllingsdalen

ARBEID: Fjell blir sprengt vekk og køyrt bort frå tunnelen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Kan gi høgare pris

Bybanen Utbygging seier dei likevel opplever tilbakemeldinga frå brannvesenet som eit krav. No vil dei gå i dialog.

– I lys av innspela vil me vurdera å ta inn mekanisk brannventilasjon som eit tiltak i tunnelen, seier Mortensen.

– Kva vil det kosta?

– Vi har ikkje gått i djupna på kva prisen vil bli, men vi snakkar nok om nokre titals millionar kroner ekstra, seier Mortensen.

Bergen brannvesen ønskjer ikkje å kommentera saka på noverande tidspunkt. Årsaka er at det går «en pågående prosess mellom partene», skriv avdelingsleiar Janicke Larsen i ein e-post.

Bybanen i Bergen

POPULÆR: Bybanen hadde nesten 15 millionar påstigingar i 2018. Den fraktar dagleg 60.000 passasjerar mellom Bergen sentrum og Flesland.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

I ein tidlegare versjon av saka skreiv NRK at tunnelprosjektet vil kosta 800 millionar kroner. Dette er kostnaden på kontrakten for sjølve tunneldrivinga. Kostnaden for heile prosjektet er 1,2 milliardar kroner.