Hopp til innhold

Vifte i tunnel dundra i bakken: – Umogleg å oppdage feilen

Statens vegvesen har funne feilen som gjorde at vifta falt i bakken og vart påkøyrd av ein bil i Lyderhorntunnelen.

Vifte datt ned frå taket på Lyderhorntunnelen

TREFTE BIL: Vifta på fleire hundre kilo kunne ha gjort stor skade i Lyderhorntunnelen. – Det kunne ha gått langt verre, trur Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

Det vart dramatisk for ein kvinneleg bilførar som kom køyrande i Lyderhorntunnelen torsdag kveld. Ei vifte losna frå tunneltaket og forårsake ei trafikkulykke.

Bilen krasja med vifta rett etter at ho deisa i bakken.

No har Statens vegvesen undersøkt hendinga, og årsaka er eit mekanisk brot i rotoren på vifta.

– Dette var ikkje mogleg for oss å oppdage, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Grethe Vikane.

Brotet gjorde at rotoren gjekk rundt på ein slik måte at det vart unormalt store vibrasjonar i vifta. Dette førte til slutt til at ho losna frå festet og datt ned.

Trefte bil

Vifta ramla ned og trefte ein bil. Den kvinnelege føraren vart lettare skadd.

No er vegvesenet i full gang med å undersøke korleis dette kunne skje.

Vikane forsikrar om at dei har faste rutinar når det kjem til tunneltryggleik.

– Det er årlege inspeksjonar og vi har tett oppfølging med entreprenørane våre, seier ho.

Då ulukka skjedde vart vegvesenet si ulukkesgruppe tilkalla av politiet. Dei sytte for at dei andre viftene i tunnelen vart kartlagde.

Ulykke i Lyderhorntunnelen

KØ: Lyderhorntunnelen vart stengd i fleire timar etter at vifta datt ned frå taket i tunnelen.

Foto: Tipsbilde

Lovar at det er trygt i tunnelane

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Grethe Vikane

TRYGT I TUNNELANE: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Grethe Vikane, forsikrar om at det er trygt å køyre i tunnelane.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Tunnelen på riksveg 555 opna att i tretida natt til fredag, og Vikane meiner trafikantar ikkje skal vere redde for å køyre i tunnelane.

– Det er trygt å ferdast i tunnelane våre, men vi skal sjølvsagt gå inn og sjå korleis vi kan forebygge dette, seier Vikane.

Avdelingsdirektøren fortel at dei no ser på alle vedlikehalds- og tryggleiksrutinar er i samsvar med dei krava som er sett.

Trur det kunne gått mykje verre

Vifta har ei vekt på fleire hundre kilo, og Vikane er glad for at ho ikkje gjorde meir skade.

– Vi kan slå fast at vifta har ramla ned og blitt påkøyrd av bilen like etter. Det kunne ha gått langt verre.

Det vestre løpet i tunnelen er nyleg oppgradert, og arbeidet med austsida startar denne månaden. Då vil vegvesenet syte for ein ny gjennomgang av viftene.

Taket i Lyderhorntunnelen der ei vifte losna

BROT: Det var eit mekanisk brot som gjorde at det vart uvanleg store vibrasjonar i vifta slik at den til slutt datt ned.

Foto: Statens vegvesen