Hopp til innhold

Rana Bunnpris med kniv - fanga på kamera

Politiet jobbar med å få ut bilete frå videoovervakinga i butikken etter at ein mann rana ein Bunnpris-butikk i Åsane med kniv fredag ettermiddag.

Politiet leitar etter gjerningsmannen

Politiet leitar etter mannen som rana Bunnpris i Åsane fredag ettermiddag.

Foto: Andreas Moe Garmannslund

Like etter klokka 14.30 fredag ettermiddag rana ein mann ein Bunnpris-butikk i Ulvedalen i Åsane med kniv.

Gjerningsmannen skal ha fått med seg eit ukjend pengebeløp før han sprang frå staden.

Politiet leitar no etter gjerningsmannen.

– Det var Bunnpris sjølv som melde frå at dei hadde blitt rana, seier Kjersti Eidsnes operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Leitar etter namngjeven person

Ifylgje politiet er det mogleg at ein kvinneleg tilsett kan ha kjent att mannen, og ho avgjer forklaring for politiet.

– Me trur me veit kven me leitar etter, men me held alle moglegheiter opne.

Mannen politiet leitar etter skal vere mellom 25 og 30 år, og 190 cm høg. Han er kledd i ein lilla caps og grå og blå jakke.

– Me har ikkje grunn til å tru at mannen er farleg for andre, seier Eidsnes.

Fanga på kamera

I 18-tida opplyser politiet til NRK at ranet vart fanga på videokamera.

Politiet jobbar no med å få ut bilete frå videoovervakinga.