Hopp til innhold

– Vi treng ikkje frykta villare vêr

– Vêret i Noreg blir ikkje villare, seier ein av landets fremste ekspertar på ekstremvêr.

Stormar som orkanen Sandy treng me ikkje frykta io Noreg i framtida. Klimaforskarar trur ikkje veret blir villare, sjølv om klimaet endrar seg.

VIDEO: Orkanen Sandy har øydelagt mange heimar, men her i landet treng vi ikkje å frykta at vêret skal bli villare, ifølgje klimaforskarar.

Asgeir Sorteberg

EKSPERT PÅ EKSTREMVÊR: Professor Asgeir Sorteberg ved Universitetet i Bergen.

Uveret Sandy har herja vilt på den amerikanske austkysten.

Mange har trudd at vêret her til lands også skal bli villare i åra som kjem, men det er slett ikkje sikkert at det blir slik.

– Ikkje meir ekstreme stormar

– Det kjem ikkje til å bli noko særleg meir ekstreme stormar i Noreg, seier professor i meteorologi Asgeir Sorteberg ved Universitetet i Bergen til NRK.no.

Han seier klimamodellane sprikar veldig, og at det ikkje er noko som peikar tydeleg i retning eit villare ver.

Sorteberg er rekna som ein av dei aller fremste ekspertane på ekstremvêr her i landet og er tilnytta Bjerknessenteret.

Varmare og våtare

Han seier det har danna seg eit inntrykk av at vêret her i landet kjem til å bli varmare, våtare og villare.

– Dei to første gjeld framleis, men altså ikkje villare, ifølgje professoren.

Sorteberg er usikker på kvifor dette inntrykket har festa seg så sterkt.

– Eg har jobba med dette fagområdet dei siste ti åra, og kan ikkje sjå noko i forskinga som slår fast at vêret skal bli villare, seier han.

Rita Haugsvær og Sara Vold

BLIR REDDE: Rita Haugsvær (t.v.) og Sara Vold syns det er skummelt å sjå kor store skadar Sandy har ført til.

Foto: Arne Daniel Haldorsen / NRK

– Blir litt redde

Rita Haugsvær og Sara Vold har kledd seg godt for ein fuktig og ruskete oktoberdag i Bergen.

Dei er uroa etter å ha sett dramatiske bilete frå USA.

– Eg blir ganske redd. Det er skummelt, seier Rita Haugsvær.

– Eg hadde ikkje trudd at noko slikt skulle skje i New York. Så kvifor skulle det ikkje kunna skje her, seier Sara Vold.

– Ikkje amerikanske tilstandar

Eksperten på ekstremvêr seier det ikkje er grunn til å frykta amerikanske tilstandar i Noreg.

– Eg trur det skal veldig mykje til for at vi skal oppleva noko slikt som Sandy. Våre lågtrykk går mykje raskare forbi enn den typen uver som Sandy var, seier Sorteberg.

Tankskipet "John B. Caddell" drev på land i Stapleton-området på Staten Island, New York

PÅ LAND: Uveret Sandy førte til at tankskipet John B. Caddell dreiv på land i Stapleton-området på Staten Island, New York.

Foto: Sean Sweeney / Ap