– Vi må forsøke å gløyme og gå vidare så fort som mogeleg

Laurdag kveld tapte Brann mot Strømsgodset (0–1) og laget har no tapt heile seks av sju kampar på heimebane. Branntrenar Rikard Norling var skuffa etter over nok eit tap.

Intervju med Rikard Norling, branntrenar. 
Etter 0-1 tapet mot Strømsgodset på Brann stadion. 
Laurdag 12.07.

VIDEO: SKUFFA: – Eg synest det var ein jamn kamp, men det tar for lang tid før vi får opp tempet etter målet, seier Norling etter kampen laurdag kveld. Foto: NTB scanpix

I går tapte brann 0–1 mot Strømsgodset og gjekk på eit nytt heimetap.

– Eg synest det var ein jamn kamp, men det tar for lang tid før vi får opp tempet etter målet. Eg synest dei siste 20 minuttane så gjer gutane ein bra jobb, forklarer Norling etter kampen.

Mange sjansar

nesten mål, strømsgodset mot brann

SJANSAR: Strømsgodset spelaren Marius Høibråten var nær ved å scora på Piotr Leciejewski i mål.

Foto: Anders Hoven / Digitalsport

Gjestene styrte spelet i første omgang, med fleire gode sjansar. I andre omgang viste Brann størst vilje til å styre kampen. Bergensarane produserte ei rekkje store målsjansar, men det mangla presisjon og evne når Brann-spelarane kom til farlege moglegheiter.

Første mål kom etter eit minutt av andre omgang. Det var Péter Kovács for Strømsgodset som scora. Iver Fossum spelte ein frekk stikkar rett gjennom forsvaret til Brann, og Kovac sat ballen enkelt nede ved lengste stolpe.

Ved eit par anledningar gav raudtrøyene bort ballen innanfor Godsets sekstenmeter. Tverrliggarskotet til Orlov medan Kwarasey gjekk i bakken, var det næraste Brann kom til utlikning.

  • Fekk du ikkje med kampen? Les heile kampen nedst i saka

– Det vil rett og slett ikkje

– Når vi slepper inn eit mål så må vi ta tak i det og forsøke å gløyme det. Vi må gå vidare så fort som mogeleg og i dag tok det for lang tid, seier Norling.

– Dykk vann i Stavanger i førre kamp, men på Stadion har det blitt seks tap på sju kampar- korleis er det mogeleg?

– Det er ikkje bra, men sånn er det berre. Vi skapa sjansar, men det ville rett og slett ikkje. Eg synest vi var meir stabile i denne kampen enn vi har vore tidlegare, men likevel tapar vi, seier Norling.

Norling har tidlegare skytt av publikum i Bergen, og han trur ikkje at publikum vil boikotte på grunn av mange tap.

– Vi får endå støtte frå publikum til laget når vi spelar og det er det viktigaste av alt. Det er på grunn av dei at vi klarar å samle kraft og kome tilbake, seier Brann trenaren.

(Artikkelen held fram under videoen)

Intervju med Jonas Grønner. 
Etter branntapet mot Strømsgodset på heimebane. 
Bilete NTB scanpix, Marit Hommedal

Matchvinnar igjen

Det var Péter Kovács for Strømsgodset som vart målscorar i denne kampen og han var særs med tre poeng til laget.

– Eg synest det er morosamt å spela her. Det er ein fantastisk stadion, bra stemning og nydeleg vær. Eg er veldig nøgd med tre poeng og nøgd med heile kampen, seier Kovács.

Nok ein gang blei Kovács matchvinnar i Bergen og kva gong han hadde ballen under kampen vart det mykje piping.

– Ja, det vert sjølvsagt litt piping, men det gjev meg ein ekstra boost. Så det er ingen problem for meg, humrar Kovács.

Strømsgodset ligg på 2. plass på tabellen, seks poeng bak Molde. Og på spørsmålet om Strømsgodset kan snakka om gull i år og er Kovács usikker på.

– Det er vanskeleg å sei, for Molde ser veldig sterke ut i år. Vi må berre gjere det vi kan og køyre på, seier Kovács.

Etter kampen laurdag ligg Brann på 14. plass på tabellen med tilsaman 11 poeng.

Les heile kampen her:

Laster innhold, vennligst vent..

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.