NRK Meny
Normal

VG: – Kan dreie seg om drapsforsøk over lengre tid

Politiet etterforskar om den drapssikta kvinna over lengre tid kan ha prøvd å ta livet av ektemannen Helge Ove Irgens (61), skriv VG.

Mistenkelig dødsfall på Sund

BUDDE HER: Helge Ove Irgens (61) vart funnen død på soverommet i paret si bustad 25. juni i fjor i Telavåg i Sund.

Foto: Mette Anthun / NRK

Helge Ove Irgens (61) vart funnen død på soverommet i paret sin bustad 25. juni i fjor i Telavåg i Sund. Han var ifølgje politiet tilsynelatande åleine på dødstidspunktet. Dødsfallet vart betrakta som uventa, og politiet rykka rutinemessig ut til bustaden og gjennomførte ei åstadsundersøking.

Påtalemakta vedtok å sende avdøde til obduksjon.

Torsdag vart kona (30) i Nordhordland tingrett varetektsfengsla i fire veker med isolasjon og medieforbod, sikta for drap. Politiet meiner kona har forgifta ektemannen, som døyde av forgifting med kollos og medikament.

Problematisk helse

Høyland og Stave på pressekonferanse

MISTENKJER DRAP: Politiet meiner den sikta kvinna har planlagt å drepe Helge Irgens. Her er politiadvokat Inger Lise Høyland og lensmann Helge Stave på pressekonferansen onsdag.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

VG melder laurdag kveld at politiet etterforskar om det kan dreie seg om drapsforsøk over lengre tid.

Irgens skal ha hatt ei problematisk helse og var til lege same dag som han døydde. Han skal ha hatt problem med naseblod og svima av til tider.

Det er dette som no gjer at politiet rutinemessig vil undersøkje om sikta kan ha forsøkt å drepe ektemannen over lengre tid, får VG opplyst.

Politiet vil gå gjennom mannen sin helsehistorikk for å påvise om det kan vere samanheng mellom hans sviktande helse, og dei funn politiet har gjort i etterforskinga.

Mistenkelege søk

Etter kva Bergens Tidende har fått opplyst, skal det vere fleire elektroniske spor som knyter den 30 år gamle filippinske ektefellen til det politiet meiner var eit drap i Sund kommune i Hordaland i juni i fjor.

Krimtekniske analysar skal vise at ho i tida før Irgens vart funnen død, gjorde ei rekkje mistenkelege søk på internett knytt til drapsmetodar og forgifting. Politiet skal meine at desse søka kan bli knytt direkte til kvinna, ifølgje avisa.

– Reagerer med sjokk

Ifølgje den sikta sin forsvarar Jannicke Keller-Fløystad har aldri den 30-årige kvinna hatt planer om å forsvinne frå Noreg for å prøve å lure seg unna straff.

Ho seier at den sikta tidleg var kjent med funna på Gades.

– Min klient visste om dødsårsaka, og det før politiet, fordi barna til fornærma ringde til Gades Institutt og fekk vite dødsårsaka. Ho trudde framleis at det var snakk om sjølvdrap, seier Keller-Fløystad til NRK.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo