NRK Meny
Normal

Veteran-hytte totalskadd i brann

Bjørn West-hytta i Lindås er totalskadd etter ein brann i ettermiddag.

Bjørn West-hytta i Lindås

UTBRENT: Det er nesten ingenting igjen av hytta etter brannen i dag.

Foto: Lindås og Meland brannvesen
Åge Algerøy
Journalist

Artikkelen er flere år gammel.

Vitne såg at hytta stod i full fyr og meldte frå om brannen klokka 14.44.

– Vi er framme på brannstaden og det er ingenting å redda. Vi lar hytta brenna ned, seier vaktkommandør Trond Jargren ved Bergen brannvesen til NRK.no.

– Hytta var tom

Etter det NRK kjenner til skal tre personar ha vore i hytta fram til i dag, men dei har kome ned igjen.

– Vi har ikkje grunn til å tru at det var nokon i hytta då brannen starta, seier operasjonsleiar Gustav Landro til NRK.no.

Bjørn West-hytta ligg 360 meter over havet, øvst i Stusdalen i Lindås kommune. Hytta blei bygd i 1948 av Bjørn West-veteranar, og ligg på eit nes i Sætravatnet, ifølgje ei nettside for hytta.

Ifølgje Wikipedia var Bjørn West ein av fleire Milorg-basar i det okkuperte Norge, oppretta i dei siste dagane av andre verdskrigen i Matrefjella og Stølsheimen mot Bjordal.

Bjørn West-hytta

BRANN NED: Slik såg hytta ut før brannen i dag.

Foto: Privat

– Ingen god dag

Formann i veteranforeninga Bjørn West, Oddvar Fyllingen, seier det er trist at hytta brann ned.

Dette er ingen god dag, sier Fyllingen til NRK.no

Han seier at foreninga eig tomta, og at hytta var forsikra.

Difor reknar han det som sannsynleg at dei vil bygga hytta opp igjen på same plassen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste video

Festivalarbeidarar jobbar gratis i varmen. Det er ei av sakene fredags kveld.
May Britt Buer vann kvinneklassa i motbakkeløpet Kvasshovden Opp i Ulvik som også var NM.
Tunnelen på E39 har ein eigen knapp som varslar bilistar om syklistar.