NRK Meny
Normal

Vestlandsk opprør mot skeivfordeling i sjøkanten

Sørlandet og Oslofjorden stikk av med nesten alt av pengar som er satt av til å gjera kysten tilgjengelig for folk. No vil vestlendingane ha ei større del av kaka.

Leiar Åge Landro i Bergen og omland friluftsråd ved Helleneset

VIL HA FLEIRE SLIKE: Leiar Åge Landro i Bergen og omland friluftsråd vil gjerne legge til rette for fleire områder som Helleneset i Bergen. Ei skeivfordeling i statlege midlar gjer det vanskelegare.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det er friluftsråda på Vestlandet som no tek til ordet for å gjera noko med det dei meiner er ei statleg skeivfordeling.

Over 80 prosent av dei statlege midlane som skal gå til tilrettelegging av kystnære friluftsområde hamnar på Sørlandet eller Oslofjorden.

Her i vest må Rogaland og Hordaland dela på 17 prosent av pengane, noko fleire meiner er urimeleg.

– Det finst ikkje saklege argument for skeivfordelinga. Vi er dei største båtfylka, og burde vera minst på høgde med Oslofjorden og skjærgårdsparken på Sørlandet, seier leiar Åge Landro i Bergen og omland friluftsråd.

Stine Hilt på Helleneset saman med sonen Elias Hilt Våge

Stine Hilt saman med sonen Elias Hilt Våge. Begge storkosar seg på Helleneset i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Må dela på tre millionar kroner

NRK møter Landro på Helleneset i Bergen, som er ein plass der det er brukt atskilleg med pengar for å legga til rette for badeglade bergensarar. Dusjar, toalett, stupebrett, platting og grasplenar gjer staden særs populær.

– Vi solar oss og babyen får leika. Det er veldig fint å ha ein stad vi kan vera, som er tilrettelagt for bading og barnefamiliar, seier Stine Hilt, som er på Helleneset saman med sonen Elias Hilt Våge.

– Eg elskar denne plassen. Det er lett tilgjengeleg, det er reint her og det finst toalett, skryt Randi Johnsen.

Men den folkerike kysten frå Rogaland til Hordaland må dela på tre millionar kroner for å gjera kysten tilgjengeleg på same måte som ved Helleneset.

Til samanlikning stikk dei to Agderfylka aleine av med over fem millionar kroner kvar.

– Den største utfordringa vår er å legga til rette for nye område, forklarer Landro.

Førebygging av drukningsulukker

Han peikar på dei mange drukningsulukkene, der Vestlandet i mange år har lagt i landstoppen av ein svært dyster statistikk.

– I nyare tid ser vi at svømmeferdigheita i naturlege forhold er sviktande. Vi ynskjer å legga til rette for at barn og unge får øva seg ute i naturen, ved å bade i kaldt vatn, i bølger og med tang og tare.

To personer bader og hopper uti vannet

Åge Landro meiner det vil slå positivt ut på drukningsstatistikken om ein ligg betre til rette for at barn og unge får bada i naturlege forhold.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Urimeleg

Landro får støtte av politikarar frå Venstre og Senterpartiet.

– Me tykkjer fordelinga er urimeleg, seier Jon Askeland (Sp).

Han sit i styret i Vestkystparken, som er eit regionalt samarbeid som skal leggja til rette for tilgang til kystnære friluftsområde i Rogaland og Hordaland. Han forventar at staten aukar potten, slik at Vestlandet kan få si del av kaka.

– Me har tatt det opp med departementet, og dei seier dei er samde i at det er ei skeivfordeling. Me håpar staten kan letta på trykket og gi midlane meir balanse, slik at vi kan få gjort same jobben som ein har fått gjort på Austlandet.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017