Hopp til innhold

Vestlandsjubel for milliardkontrakt

Ein heil region på Vestlandet jublar over at Kværner har fått milliardkontrakten på Statoils nye gigantskip. Kontrakten gir 4800 arbeidsplassar. – I dag heiser vi flagget, seier ordførar.

Flagget gjekk til topps då Kværner drog i land storkontrakt

Flagget gjekk til topps på Kværner Stord då storkontrakten var i boks.

Foto: Kværner

Tysdag vart det klart at Kværner har signert kontrakt med Statoil om å bygge overbygget på produksjonsskipet for Johan Castberg-feltet.

Verdien av kontrakten er om lag 3,8 milliardar kroner.

«Kontrakten vil gi omfattende positive ringvirkninger for et bredt spekter av Kværners underleverandører innen norsk industri», heiter det i pressemeldinga frå Kværner.

– Dette vil gi arbeid for 4800 personar i Noreg, seier konsernsjef Jan Arve Haugan.

Tek i bruk heile kysten

Johan Castberg-feltet i Barentshavet skal utviklast med eit produksjonsskip. Kværner skal produsere modular til plattformdekket.

Johan Castberg produksjonsskip
Foto: Illustrasjon: Statoil

– Vi kjem til å bygge delar av modulane i Verdal, bruke ein underleverandør frå Aker Solutions i Egersund som også vil bruke anlegget sitt i Sandnessjøen. I tillegg vil prosjektleiinga vere delvis i Oslo og delvis på Stord.

– Betyr dette nye arbeidsplassar?

– Det vert i alle fall ei sikring av mange arbeidsplassar vi alt har. Langsiktig planlegging og tryggleik er viktig i denne bransjen i dag.

Jan Arve Haugan

NØGD: Konsernsjef i Kværner, Jan Arve Haugan, seier milliardkontrakten med Statoil kan gi arbeid til 4800 personar.

Foto: May-Helen Rolfsnes

Stor jubel på Stord

Sjølve skroget til Johan Castberg skal byggast i Singapore. Hausten 2020 vert det levert til Kværner sitt verft på Stord, og installasjonen av modulane startar då umiddelbart.

– Dette er fantastiske nyheiter, og ein stor dag for oss på Stord. Kværner er hjørnesteinsbedrifta vår, og når aktiviteten aukar , skapar det ny optimisme i heile lokalsamfunnet, seier ordførar Gaute Straume Epland.

Produksjonen skal etter planen testast og ferdigstillast på Stord før skipet skal slepast ut til feltet i Barentshavet første kvartal 2022.

– På det meste vil dette bety om lag 2000 arbeidsplassar på Stord. Det er formidabelt, jublar Epland.

Flagget til topps på Stord

FLAGGAR: Ved rådhuset på Stord er flagget til topps tysdag ettermiddag.

Foto: Gaute Straume Epland

Kværner vil også bruke 370 millionar kroner til ny kai på verftet på Stord.

«Denne investeringen vil forbedre produktiviteten for sammenstilling og ferdiggjøring av prosjekter som Johan Castberg. I tillegg vil utvidelsen gi økt konkurransekraft for fremtidige prosjekter,» skriv Kværner.

– I dag har vi heist flagget på rådhuset, og alle går rundt med eit stort smil rundt munnen, seier ordføraren.

Les òg: Arbeidsledigheten på Stord halvert

Flaggheising langs heile kysten

Gleda var stor også i Haugesund då kontrakten vart kjend.

May Britt Vihovde

Varaordførar i Haugesund May Britt Vihovde (V) jublar over Johan Castberg-kontrakten til Kværner.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen

– Det er nesten som om vi vil heise flagget her òg, seier varaordførar i Haugesund, May Britt Vihovde (V).

Regionen er ein felles arbeids- og bustadmarknad, så er dette med på å trygge arbeidsplassane i heile området, seier ho.

Rett før nyttår fekk haugesundsverksemda Aibel ein stor kontrakt på endringane som skal gjerast på Snorre A-plattforma.

– Kontraktane syner at vi har ein industri som kan konkurrere på verdsbasis, seier Vihovde.

– Konkurransedyktig industri

Olje- og energiminister Terje Søviknes meiner kontrakten er eit viktig bidrag for å sikre Johan Castberg, som skal hente ut olje i Barentshavet.

Aker Solutions vil få oppdrag som underleverandør for Kværner. Konserntillitsvald Atle Tranøy, som har jobba ved Aker Stord sidan 1976, seier at kontrakten bidreg til ny optimisme i oljeindustrien.