Hopp til innhold

Vestlandet dominerer eliteserien

Nesten halve eliteserien i år blir spelt på Vestlandet. Kjetil Rekdal meiner det berre er Rosenborg som kan ta gullet frå vestlendingane.

Video Vestlandet dominerer årets eliteserie

SJÅ VIDEO: Vestlandet dominerer årets eliteserie. Sjå bergenstrubaduren Ove Thue som har funne fram igjen fotballsongar frå den forrige storheitstida for Vestlandet.

Dei fire vestlandsfylka har i år følgjande sju lag med i eliteserien:

Brann, Molde, Aalesund, Sogndal, Haugesund, Viking og Sandnes Ulf.

Med totalt 16 lag i den gjevaste divisjonen er altså nesten halvparten av laga frå Vestlandet.

Dette er åra med best representasjon frå Vestlandet:

Dette er åra med best representasjon frå Vestlandet

År

Frå vest

Totalt

Lag

2012

7

16

Molde, Aalesund, Sogndal, Brann, Haugesund, Viking, Sandes Ulf

2003

6

14

Molde, Aalesund, Sogndal, Brann, Viking, Bryne.

1991

5

12

Molde, Sogndal, Brann, Fyllingen, Viking.

1988

5

12

Molde, Brann, Djerv 1919, Bryne.

1976

5

12

Molde, Brann, Vard Haugesund, Viking, Bryne.

– Vestlandet eller Rosenborg

I kveld tok vestlendingane første stikk då Molde slo Strømsgodset 2-1 i opningskampen i eliteserien.

Kjetil Rekdal

TRUR PÅ VESTLANDET: Kjetil Rekdal trur Vestlandet har store sjansar til seriegull.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Også i fjor sette Vestlandet eit tydeleg preg på fotballsesongen, med seriegull til Molde og cupfinale mellom Brann og Aalesund.

Trenar for Aalesund FK, Kjetil Rekdal, trur det er store sjansar for at eit vestlandslag stikk av med gullet når eliteserien er slutt i midten av november.

Han trur det berre er Rosenborg som kan snappa gullet framfor nasen på vestlendingane.

– Både Viking, Brann, Aalesund og Molde er gode i år, seier Rekdal.

Les og: NRK-ekspertene spår eliteserien: – Molde tar seriegullet | Klar tale frå esela: – Viking blir det beste laget i Rogaland

Rike onklar i næringslivet

Tom Rune Espedal

HJELP FRÅ NÆRINGSLIVET: Tom Rune Espedal seier næringslivet har bidratt mykje.

Foto: NRK

På Vestlandet er det mange rike fotballentusiastar i næringslivet.

Enkelte meiner det kan vera ei medvirkande årsak til suksessen.

– Det er ein del pengesterke vestlendingar som ofte er patriotiske og legg igjen pengar i klubbar, seier dagleg leiar Tom Rune Espedal i Sandes Ulf, ein klubb som sjølv har fått god hjelp frå næringslivet.

Mange lokalderby

NRK Hordalands fotballekspert Magnus Johansson syns det er veldig kjekt at så mange lag frå landsdelen er i toppen i norsk fotball.

– Først og fremst er det veldig gøy. Det blir jo mange lokalderby. Det blir enkelt for publikum å koma seg på kamp når så mange kampar er på Vestlandet, seier Johansson.

Men det har vore andre tider, blant anna i 1967. Då var det ikkje eit einaste lag frå heile Vestlandet i den øvste divisjonen.

Dette er åra med færrast lag frå Vestlandet i toppdivisjonen:

Desse åra var Vestlandet dårleg representert

År

Frå vest

Totalt

Lag

1964

2

10

Brann, Viking.

1963

2

10

Brann, Viking.

1973

2

12

Brann, Viking.

1966

1

10

Hødd.

1965

1

10

Viking.

1967

0

10