Hopp til innhold

Varm stein kan sikra rein kraft

– Noreg kan bli leiande på fornybar "hot rock"-kraft. Det hevdar professor Barry Goldstein, ein australsk ekspert på geotermisk energi.

Vannkraft

Fossekraft er nærast eit nasjonalt symbol for Noreg, men no bør også fjellgrunnen takast i bruk, ifølgje ein australsk forskar.

Foto: Camilla bilstad / NRK

– Noreg har jo utvikla ein olje og gass industri på eiga hand. Det gjer at alt ligg til rette for at "hot-rock"-teknologien kan verta vidareutvikla nettopp her.

Professor Barry Goldstein er i vestlandshovudstaden Bergen for å delta på ein konferanse om fornybar energi.

Han meiner alt ligg til rette for at vasskraft-nasjonen Noreg no kan supplera den reine krafta si med ei anna, fornybar kjelde.

– Bruk borekunnskapen frå Nordsjøen på land

OSEBERG, NORDSJØEN 20081125: Oseberg feltsenter. Oljeplattform Foto: Marit Hommedal / SCANPIX

Noreg har alt unik kunnskap om djupboring, og dermed kan den såkalla 'hot-rock'-teknologien passa ypparleg.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Ved å bora 5 kilometer ned i jorda, finn ein glovarmt fjell. Det er denne naturlege varmen Goldstein meiner vi nordmenn bør nytta.

Per i dag har norske oljeselskap kunnskap og utstyr til å bora mykje djupare ned enn 5 kilomter, som ein treng til geotermisk energi. Dermed kan dette vere eit flott supplement til vasskrafta.

Barry Goldstein

Vestlandet kan stikka av med sigeren

Ein annan som trur at Noreg og då nærare bestemt vestlandet har ein unik sjanse til å verta leiande på fornybar kraft, er Arvid Nøttveit ved Christian Michelsen Research cmr.no/ i Bergen:

– Eg trur Bergen har store mulegheiter til å utvikla kompetanse på fleire av fornybar-felta det er snakk om. For eksempel innanfor teknologiformer vi alt har høyrd om, men knapt teke i bruk, som offshore-vindkraft.

– Eg trur for eksempel på alternativ kraft frå bølgjer og tidevatn. Dette er noko vi har i massevis omkring oss her langs kysten, så her ligg alt til rette for at vi skal kunna markera oss både nasjonalt og internasjonalt.