Vert ikkje samde om byvekstavtale

Samferdsledepartementet aksepterer at arbeidet med ein ny byvekstavtale for bergensområdet vert utsett til etter valet. Avtalen, som mellom anna skal sikra finansiering av Bybanen mot Åsane og fordela bompengeinntekter, ser dermed ut til å verta lagt på is. Grunnen er at staten, Bergen og nabokommunane i lengre tid vore usamde om innhaldet i avtalen.