Hopp til innhold

Versting i bruk av skjerming mot pasientar – veit ikkje om det har effekt

Sandviken sjukehus er blant sjukehusa som oftast plasserer psykiatriske pasientar på «glattcelle». – Ingen forsking som tilseier at det har effekt, vedgår klinikkdirektør.

Skjermingsrom på Sandviken sykehus

NAKENT INTERIØR: Slik ser eit av skjermingsromma ved Sandviken sjukehus i Bergen ut. I 2015 hadde klinikken 680 tilfelle der pasientar blei tilvist til rom som dette. Skjerminga kan vara i fleire veker.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Senga er skrudd fast til golvet. Her er ikkje gardiner, fordi pasientar kan knyta desse rundt halsen, seier klinikkdirektør Kristin Jordheim Bovim ved Sandviken psykiatriske klinikk i Bergen.

NRK har den siste tida sett fokus på ny norsk forsking som avdekkjer omfattande brot på menneskerettane i psykiatrien.

I 2015 blei det ifølgje Helsedirektoratet gjort 5149 vedtak om såkalla skjerming ved norske institusjonar. Skjerming går ut på at pasienten blir skjerma frå resten av avdelinga ved å bli vist til eit separat rom eller avdeling.

Kristin Bovim

GLATTCELLE: Klinikkdirektør Kristin Jordheim Bovim er samd i at enkelte av skjermingsromma ser ut som ei glattcelle.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eit tiltak for å redusera medisinbruk

I fjor hadde Sandviken psykiatriske klinikk registrert 680 vedtak om skjerming. Det er 40 fleire enn året før, og 43 fleire enn i 2014.

Basert på tal frå Helsedirektoratet gjer dette Helse Bergen til ein av «verstingane» når det gjeld skjerming.

– Skjerming handlar om at pasientane skal få ro og tryggleik. Får pasienten ro og lite stimuli blir det fortare ro, og då slepp me bruka så mykje medisinar.

Klinikkdirektøren viser NRK rundt på sjukehuset, der fleire skjermingsrom er nyoppussa. Interiøret er nakent.

Ser rommet ut som ei glattcelle?

– Ja, det gjer eigentleg det.

Skrabling på vegg på Sandviken psykiatriske klinikk

SKRIBLING: Interiøret på skjermingsrommet er nakent. Utstyr som pasientar kan skada seg med, er tekne vekk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Meiner praksisen bryt med menneskerettane

Medan «isolasjon» inneber at pasienten er åleine bak låst eller stengt dør, skal døra vera open ved skjerming. Ved kvart vedtak skal tilsette vera til stades med pasienten. Ofte skjer ikkje dette i praksis.

Ei 20 år gamal kvinne frå Nord-Noreg sat åleine i opp mot ei veke i eit skjermingsrom etter å ha utagert mot personale.

– Dette er døme på brot på lova, seier forskar Marius Storvik ved Universitetet i Tromsø.

Forskaren hevdar skjerming er kamuflert isolasjon som skadar pasientane.

– Pasientane blir sjukare, ikkje friskare.

Marius Storvik

FORSKAR: Marius Storvik ved Universitetet i Tromsø meiner det føregår stor bruk av ulovleg skjerming ved norske institusjonar.

Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK

Leiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kari Kjønaas Kjos (Frp), meiner det må bli slutt på praksisen. Sivilombodsmannen har også gått ut mot metoden i psykiatrien.

Manglar forsking til å underbygga effekten

Men i Bergen blir skjerming sett på som eit bra behandlingstiltak.

– Me trur og meiner at me brukar skjerming på ein måte som er god for pasientane. Men eg skal innrømma at det ikkje finst noko forsking som underbygger at me har rett i det, seier klinikkdirektøren.

– Eg trur det er viktig at det blir gjort meir forsking på skjerming, for å finna ut om dette berre er noko me trur, eller om det viser seg at det faktisk hjelper.

– Vil du seia at skjerming er uproblematisk?

– Me har diskutert om me kan tillata oss å kalla det behandling. Me har ikkje tenkt at det skal vera skadeleg, men det vil sikkert finnast døme på pasientar som seier at dei hata det.