NRK Meny
Normal

Verste så langt i vinter

Svært mykje forureining på Danmarksplass no. Skyhøge verdiar av både svevestøv og NO2.

Danmarksplass
Foto: Jørgen Eide / NRK

- Alt klokka 8 onsdag morgon var verdiane over det som er helsefarleg.

Det seier Elisabeth Farstad, fungerande kommunikasjonsdirektør i Bergen Kommune.

- Grenseverdien for NO2 er på 200. No har den overstige det kraftig, seier ho.

Dermed er lufta den verste sidan krisa ved årsskifte.

Giftlokket tilbake

No er både verdiane av NO2 og PM 10 altfor høge. Dette er nitrogendioksyd frå eksos, og svevestøv frå mellom anna kjøring med piggdekk. Begge giftstoffa skuldast altså først og fremst bilkjøring, seier Farstad.

- Det ser jo ikkje bra ut, og vi vil no snakke med Helsevernetaten om kva vi bør gjere. Men vi følgjer situasjonen time for time.

Farleg for friske folk

Slik lufta er no, er rådet at allergikarar og personar med hjarte- og luftvegsvanskar ikkje bør vera i nærleiken av Danmarksplass. Men òg elles friske folk kan få plager dersom dei oppheldt seg i området.

Bergen Kommune skal ta stilling til om dei skal gjera strakstiltak i ettermiddag, seier Farstad til slutt.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.