Hopp til innhold

Verdas største frakteflytype måtte til for å løyse hasteoppdrag frå Afrika

SOTRA (NRK): Jan Vindenes fekk ei utfordring: Frakt 150 tonn med kjetting frå Sotra til Nigeria på kortast mogleg tid!

Antonov, verdas største lasteflytype, har fått eit hasteoppdrag:

– Nokon må jo selja kjetting òg!

Jan Vindenes ler og ser ut over pengebingen sin på Skageneset i Sund, eit fotballbanestort gjørmehôl av eit industriområde, overstrødd av toppar og tuver i solid stål.

Kjetting er big, heavy business for familieselskapet Sotra anchor & chain. Klingande metall gjev klingande mynt i kassa.

– Far min starta verksemda i 1980, seier Jan Vindenes, som i dag har 15 tilsette.

kjetting

HAUGAR: Hjå Sotra anchor & chain er dei ikkje så redde for tjuveri frå lageret.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Henta frå botn av Nordsjøen

I motsetjing til dei aller fleste underleverandørane til oljenæringa tener den vesle bedrifta med dei store varene pengar.

– Vi ligg på rundt 100 millionar kroner i omsetjing. Litt under i fjor, konstaterer Vindenes.

Året har byrja bra. Oljeselskapet Exxon Mobil hadde plutseleg behov for kjetting til ein oljeinstallasjon utanfor Nigeria. Kjetting til fem millionar kroner er mykje kjetting.

Lenkja har lege på botnen av Nordsjøen. Sotra-bedrifta kjøpte han billeg og sel han dyrt.

– Vi var truleg dei einaste som hadde rett dimensjon på lager, seier Vindenes.

Vindenes
Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Hasteoppdraget

Det hasta så mykje for Exxon Mobil at kjettingen måtte sendast med fly. Verdas største transportfly, eit Antonov, blei sendt til Flesland for å ta med varene til kysten av Afrika.

Kjettingen måtte delast i seks konteinarar, og flyet måtte ta to turar for å få med seg heile lasten på 150 tonn.

Vindenes har fleire forklaringar på kvifor dei tener pengar når mange andre i bransjen slit tungt:

– Vi driv rasjonelt og enkelt. Vi har kundar i andre bransjar som shipping og vindturbin, ikkje berre olje. Og vi har unngått «Statoil-fella», å bemanne opp med konsulentar, HMS-folk og andre rapportskrivarar som gjer oss dyre i drift, seier Vindenes.

Trur det snur. Snart.

Sjeføkonom Jørgen Gudmundsson i Sparebanken Vest trur dei små bedriftene kan ha ein fordel.

– Dei som starta tidleg med omstilling, er dei som vil klare seg best ut av oljekrisa. Og det kan gjerne vera lettare å omstilla ei liten verksemd, sjølv om det ofte er ein fordel å vera stor i olje- og gassnæringa. Har du fleire bein å stå på, hjelper det mykje, seier Gudmundsson.

Jørgen Gudmundsson

SER LYSPUNKT: Det er framleis tøft for oljebransjen, men seniorøkonom Jørgen Gudmundsson i Sparebanken Vest trur det snart vil bli betre tider.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Bergen næringsråd publiserte nyleg ei undersøking der 41 prosent av olje- og gassverksemdene sa dei forventa færre tilsette i løpet av 2017. Tilsvarande tal for alle bedriftene var 14 prosent.

Gudmundsson trur mange petroleumsbedrifter vil slita ei stund framover.

– Samstundes trur vi no at botnen er i ferd med å flata ut. Det er teikn som tyder på at næringa er på veg over kneika, seier han.