Ventar våtare vêr – Bergen set av 110 millionar til klimaendringar som skadar byen

Byrådet i Bergen vil auka klimabudsjettet for 2020 med 20 prosent. – Vi må ha ein plan for å handtera alt vatnet som kjem, konstaterer byutviklingsbyråden.

Store vannmengder skapte flere oversvømmelser

VÅTT: For eitt år sidan skapte store nedbørsmengder oversvømmingar fleire stader i Bergen.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB scanpix

– Det er det fyrste planen i sitt slag i Noreg, så vidt eg veit, seier byutviklingsbyråd Rune Bakervik (Ap) i Noregs våtaste by.

I budsjettet for 2020 vil byrådet auka budsjettet til tiltak som er direkte knytt til klimaendringar i byen.

Forslaget, som blir levert til bystyret onsdag, går på å auke klimadelen av budsjettet med 20 prosent.

Det betyr at byrådet vil bruka 110 millionar kroner på mellom anna kartlegging og plan for handtering av overvatn.

– Første i sitt slag i Noreg

Budsjettet blir lagt fram eitt år etter det store nedbørskaoset i Bergen og omland, som stengde europavegar, skylte vekk sidevegar og oversvømte hus, leilegheiter og garasjar.

Byutviklingsbyråden forklarer at dei vil budsjettera med reelle klimaendringar slik dei gjer med auke i talet på eldre og endringar elles i befolkninga.

– Når vi ser at det blir fleire barn eller eldre endrar vi budsjetta etter det. Vi skal gjera det same med klimaendringane. Og no er det tid for å gjera noko, og det gjer me i dette budsjettet, seier Bakervik.

I budsjettet er det nemnt blant anna fornying av avløpsnett, risikoanalyse av rasutsette område, flaumsikring og handtering av overflatevatn.

– Det er det fyrste planen i sitt slag i Noreg, så vidt eg veit.

Store vannmengder skapte flere oversvømmelser

VÅTT: Bergen er i utgangspunktet ganske vått. Men verre skal det altså bli. Her frå Kalfaret i september i fjor, der Torhild Vedeler jobbar for å halde kummen open for alt vatnet.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB scanpix

Får støtte av forskarar

Byrådet får støtte frå klimaforskarane i Bergen. Dei har lenge åtvara om at vi må vera budde på kraftigare nedbør enn før.

Stadig ser dei at nedbørsrekordar blir slått. På Gullfjellet i Bergen fall det 544,3 millimeter nedbør i august i år, mot normalt 262 millimeter.

– Det vi har sett av ekstremnedbør og ras, vil det bli meir og meir av. Og vi vil få verre episodar, seier direktør Tore Furevik ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

Rune Bakervik (Ap)

BYRÅD: Byutviklingsbyråd Rune Bakervik (Ap) i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / Nrk

– Steg i riktig retning

Klimadirektøren meiner grepet til kommunen med å budsjettera for klimaendringar, er eit steg i riktig retning.

Våtare vêr aukar faren for ras og flaum. I tillegg til fare for liv og helse, gir det store konsekvensar for infrastrukturen.

– Røyr og kumlokk er ikkje dimensjonert til å takla så store nedbørsmengder. Dei skadane med størst forsikringsutbetalingar dei siste åra, har kome i samband med det kraftige nedbøren om somrane, seier Furevik.

– Næringslivet har for lenge sidan tenkt på at klimaendringar medfører kostnader. Eg trur at klimaendringane også må takast meir og meir inn i dei kommunale budsjetta.

Tore Furevik

VERRE OG VERRE: Vi må vere førebudd på meir og verre nedbør i framtida, ifølgje klimaforskar Tore Furevik.

Foto: Svein Haaland / NRK