Hopp til innhold

Ventar storinnrykk til vesle Tysnes

– I år vert det betre besøkt enn nokon sinne, trur festivalsjef Sigvard Madsen. Festivalsjefen reknar med at 25.000 personar tek turen til Tysnesfest.

Båter i båthavna på Tysnes

UTVIDA BÅTPLASS: I år måtte arrangørane utvida med fleire båtplassar, då det er forventa publikumsrekord.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

– I år reknar vi med at 25.000 kjem til festivalen, seier ein oppglødd festivalsjef.

Tysnesfest starta i dag og i føremiddag opna Oslo Ess festivalen med spele på luftige 753 meter over havet på Tysnessåta. I fjor var det publikumsrekord med 23.000 personar til festivalen, medan i år har arrangørane sett inn forsterkingar mot det som dei trur blir rekord i festivalbesøk.

– I år har vi vore nøydde til å utvida med fleire båtplassar. No er det 400 ekstra plassar, medan vanlegvis er det berre 100, seier Madsen.

Festivalen vart skipa i 2007 av lokal ungdom som ynskte å skapa noko i heimkommunen sin. Alle initiativtakarane er framleis med. Nye ungdommar er kome til, og det er rundt festivalen bygd opp eit heilt unikt samhald og fellesskap.

Festivalgeneral, Sigvard Madsen på Tysnes

SISTE INNSPURT: Over 500 personar jobbar frivillig på festivalen, og festivalsjef Sigvard Madsen passar på at alt er på stell.

Foto: Tim Christian Wassmo

– Utan alle dei frivillige hadde vi aldri klart å laga denne festivalen, seier Madsen.

Til saman jobbar det ca. 500 frivillige både før og under festivalen. Medan det bur berre 2745 personar på Tysnes.

«Festivalen i sjøkanten»

Mange av gjestene som skal på festivalen kjem med båt og arrangørane kallar festivalen for «festivalen i sjøkanten».

– Vi har auka beredskapen. Den største utfordringa handlar om at det vil kome mykje trafikk, både bilar og båtar til vesle Tysnes, seier lensmann Lorentz.

I år er det mange store namn som skal spela på festivalen. For å nemna nokre; Status Quo, Ylvis, Timbuktu & Damn, Morten Harket, Karpe Diem.

Sjå heile programmet her