Ventar mykje nedbør i dag
– Det kan bli opp mot 110 mm nedbør i Hordaland, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved. I tillegg vil temperaturstiging gi snøsmelting på fjellet og auka fare for skred og flaum. Sivilforsvaret og Bergen kommunes vaktsentral er i beredskap.