NRK Meny
Normal

Ventar lengre køar enn normalt på E39

E39 Eidsvågtunnelen er no open for normal trafikk, etter at ein lift fekk problem inne i tunnelen. – Det blir nok meir kø enn normalt i dag, seier Statens vegvesen.

Trafikk E39 nord for Bergen

E39: Køane inn mot Bergen gjekk saktare enn vanleg.

Foto: Eivind Pettersen / NRK

E39 Eidsvågtunnelen nord for Bergen er no open for normal trafikk, melder Statens vegvesen. Tunnelen var stengt inn mot Bergen lenger enn planlagt på grunn av problem med ein lift i tunnelen.

– Må rydde opp i sperringane

Havariet skjedde under nattearbeid i tunnelen i natt.

– Det er ganske mykje kø rundt Eidsvågneset og Ervikveien. Det blir nok meir kø enn normalt i dag, for vegen er sperra heilt tilbake til Åsane, og me må få rydde opp sperringane før vegen kan opne heilt, sa vaktoperatør i Statens vegvesen Stian Rosnes, tysdag morgon.

Like etter halv ni opplyser vegtrafikksentralen om at det framleis er tett trafikk inn mot Bergen sentrum.

– Det er mykje trafikk i dag, og går litt saktare enn vanleg, men det glir unna, seier vaktoperatør Idar Sangolt.

Følg trafikken på NRK Trafikk

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.