NRK Meny
Normal

Ventar lange køar mot Voss i morgon

Mellom 12.000 og 14.000 menneske valfartar til Voss denne helga for å delta på Voss Cup. Dersom Bergensbanen framleis er stengt, kan køane bli ekstra lange.

Bilkø

VENTAR LANGE KØAR: Mellom 12.000 og 14.000 menneske tek turen til Voss Cup i helga. Lange køar er det på denne dagen kvart år, men i år kan det bli ekstra ille dersom Bergensbanen ikkje opnar innan i morgon ettermiddag.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

I morgon startar Voss Cup, ein av årets store fotballturneringar for barn og unge. Mellom 12.000 og 14.000 menneske legg turen til Voss i løpet av helga, seier dagleg leiar i Voss Cup, Arne Dale.

Køer på E16 i Arna

VENTAR TRAFIKKAOS PÅ VEGEN I MORGON: Biletet er tatt på E16 ved Bjørkhaugtunnelen, fem kilometer frå Indre Arna. Her kan det bli lange køar i morgon også, seier Statens vegvesen.

Foto: Tone Berge / NRK

– Godt over 7000 spelarar og lagleiarar kjem til Voss i morgon. I tillegg kjem familiane til desse barna og truleg ein god del andre tilreisande. Det er meldt godt vêr i helga, og då blir det truleg ekstra mange som tek turen.

Ifølgje Statens vegvesen er det vanlegvis svært travelt på vegane den dagen Voss Cup startar.

– Vanlegvis er dette ein dag med mykje køar. Mange skal til Voss på cup, i tillegg kjem alle hyttependlarane og andre som skal på helgetur. Vegnettet klarar ikkje å ta i mot alle desse bilane. Det går ikkje og då blir det kø, seier vaktoperatør i Statens vegvesen, Eli Solberg.

Bergensbanen er framleis stengt

I tillegg til den vanlegvis store biltrafikken til Voss, byr årets utfart på ei ekstra utfordring. Mange av dei tilreisande kjem vanlegvis med tog, men Bergensbanen er framleis stengt etter at køyreledning blei rive ned to stader på bana onsdag kveld.

– Me ventar massivt med trafikk på vegen i morgon. Vegvesenet samanliknar dagen i morgon med påskeutfarten. Då ligg det i korta at det blir svært travelt på vegen, seier dagleg leiar i Voss Cup, Arne Dale.

(Artikkelen held fram under biletet)

Prestegardsmoen under Voss Cup 2009

FLUST I FOLK: Bilete er frå Prestegardsmoen under Voss Cup i 2009. Dagleg leiar, Arne Dale ventar mellom 12.000–14.000 tilreisande til Voss i helga.

Foto: Olav Sønnesyn

Ver ute i god tid på fredag, lyd rådet frå Eli Solberg i Vegvesenet.

– Etter arbeidstid byrjar køane, og dei kjem nok til å vare ei stund. Rundt 3–4 tida byrjar det vanlegvis å tette seg til på vegen.

– Eg har opplevd at folk ringer og fortvilar fordi dei er redde dei ikkje skal nå cupen.

Opnar ikkje Bergensbanen innan i morgon ettermiddag, vil det bli endå meir kø på vegen. Solberg seier ein moglegheit er å køyre alternative ruter til Voss. Ho oppmodar også bilistar om å vere ekstra varsame.

– Det sit mange barn i bilane på vegen i morgon. Då er det ekstra viktig at folk køyrer fint. Me vil ikkje ha nokre ulukker, seier Solberg.

LES OGSÅ: 130 evakuerte etter togstopp - Hordaland

Mangla 300 overnattingsplassar

I tillegg til at Bergensbanen er nede, dukka det opp ei ekstra utfordring for arrangørane av cupen på Voss.

Fleire hundre av dei tilreisande skulle eigentleg innlosjerast på Vangen skule. På grunn av at sand har byrja rase ut frå grunnen under skulen, ønskte Voss Cup ikkje å nytte denne til overnatting.

– Dette er ei solid utfordring, og det er kanskje den største utfordringa vår. At toget ikkje går kan me ikkje gjere noko med. Me får berre krysse fingrane for at jernbaneverket klarar å løyse det til i morgon. Men overnattingsplassar skal me klare å ordne, det må me klare, sa Dale til NRK tidlegare i dag.

Men no kan dei 300 tilreisande puste letta ut.

– Me fekk enorm respons i bygda frå folk som ville stille hus og hytter til disposisjon for oss. Park hotell og Fleischer hotell har også tilbydd seg å hjelpe oss. Det var nærast som ei hand frå himmelen, seier Dale.

Dei 300 tilreisande vert no innlosjert i konferansesalane på dei to hotella.

Siste video

Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo
Nå vurderer naboene å flytte.