Hopp til innhold

Venta eit halvt år med konfrontasjon

Styreleiinga venta eit halvt år etter at dei fekk mistankar om underslag før dei før dei melde tidlegare direktør i Stifetelsen Betanien, Are Blomhoff, til politiet. I går vedkjente Blomhoff ha svindla sin eigen arbeidsgjevar.

Betanien

VENTA EIT HALVT ÅR: I august 2012 fekk styret i Stiftelsen Betanien varsel om underslaget. I Januar året etter blei sikta, Are Blomhoff, konfrontert. Styreleiar Christian Hysing-Dahl (bilete) seier styret måtte vere sikre før dei melde Blomhoff.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Den tidlegare direktøren skal ha tatt 14,6 millionar kroner over ein periode på sju år frå stiftinga sin sjukeheim i Spania. Onsdag vedkjente Blomhoff å ha svindla eigen arbeidsgjevar.

Varsla august 2012 - konfrontasjon januar 2013

Blomhoff

KONGENS FORTENESTEMEDALJE: I 2012 fekk Blomhoff Kongens Fortenestemedalje for sitt arbeid i stiftinga.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix service

Styreleiinga fekk fyrst varsel om underslaget i august 2012. Kven som varsla styret vil ikkje Styreleiar Christian Hysing-Dahl gå inn på. Det var BT som først melde saka.

– Etter varslinga byrja vi å grave, og spegla eposten til Blomhoff, fortel styreleiaren.

Styret venta eit halvt år før dei konfronterte Blomhoff med underslaget. Konfrontasjonen skjedde i byrjinga av januar 2013, då tilsto Blomhoff å ha svindla Stiftelsen Betanien.

10. januar blei han oppsagt frå stillinga, fortel Hysing-Dahl.

Likevel venta styret med å anmelde han. 1. november i år blei Blomhoff anmeldt.

Kvifor tok det så lang tid før forholda blei anmeldt?

– Vi måtte vere sikre før vi anmeldte dette. Vi kan ikkje anmelde på falskt grunnlag.

– Er det ikkje politiet som skal ta den avgjerda?

– Eg ville ikkje anmeldt nokon før eg var rimeleg sikker på at det var hald i påstandane, seier styreleiaren.

Har ikkje oversikt over beløpet

Betanien

STIFTELSEN BETANIEN: Den tidlegare direktøren i Stiftelsen Betanien skal ha tatt 14,6 millionar kroner over ein periode på sju år.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Ifølgje forsvararen til Blomhoff, Per-Erik Gåskjenn, har Blomhoff innrømt underslaga, men kor stort beløpet er, er framleis uklart, seier forsvararen.

Forsvararen fortel at Blomhoff ikkje har oversikt over kor stort beløp har tatt frå Stifitelsen Betanien.

– Det er litt usikkert kor mykje det er snakk om, han har rett og slett ikkje heilt oversikt, seier Gåskjenn.

Ifølgje Gåskjenn er det tydeleg at klienten angrar.

– Det er klart han angrar på det han har gjort. Men dette er ikkje eit tema vi har fått snakka så mykje om.

Gåskjenn fortel at politiet held fram med etterforskninga, og at det vil bli gjort fleire avhøyr med Blomhoff.

Are Blomhoff har vedkjent å ha gjort tatt pengar frå sin eigen arbeidsgjevar.

Underslag