NRK Meny
Normal

Venstre vil samarbeide med Frp

Venstre opnar for å samarbeide med Frp i neste valperiode. – Dei har forlatt sin populisme og er lett å samarbeide med, seier lokallagsleiar i Bergen Venstre.

Frp og Venstre

VENSTRE OG FRP?: – Frp tek ansvar når dei får makt, seier Stian Skår Ludvigsen i Bergen Venstre (her til høgre). Sosialbyråd og leiar i Frp Eiler Macody Lund (Frp) til venstre.

Foto: NRK

Tysdag i neste veke skal Bergen Venstre avholde eit ekstraordinært årsmøte. Her skal dei blant anna vurdere å fjerne «Frp-forbudet» sitt, skriv BT.no.

Før valget i 2011 lova Venstre velgarane sine at dei ikke skulle inngå i byrådsallianse med Frp. Men no snur partiet beint om, og opnar for eit samarbeid slik også partiet sentralt gjorde før forrige stortingsval.

– Frp tek ansvar når dei får makt. Dei har forlatt sin populisme og er lett å samarbeide med. Me har gode erfaringer fra fylket, seier Stian Skår Ludvigsen, lokallagsleder for Bergen Venstre til avisa.

– Urealistisk med raudgrønt styre i Bergen

Til BT seier nestleiar i Bergen Venstre, Per-Arne Larsen, at dei vil innstille på at Venstre skal gå til val på eit blågrønt byråd. Han meiner det er der Venstre kan bidra mest.

– Nokon vil nok meine at Venstre kan få gjennomslag saman med venstresida også. Prinsipielt kan Venstre samarbeide med alle, men slik situasjonen er no, er det urealistisk med noko raudgrønt prosjekt i Bergen. Til det er opposisjonen altfor splitta. Det er heilt utenkeleg at Bergen skal bli styrt av alt frå Venstre og Ap til SV og Rødt.

Smith-Sivertsen: – Veldig gledeleg

Martin Smith-Sivertsen, som kan bli Høgres nye byrådsleiar i haust, har vore klar på at han ønskjer eit bredt borgarleg samarbeid.

– Eg synest dette er veldig gledeleg, og ei interessant utvikling, seier han om Venstre sitt utspel.

Ap er ikkje like nøgde.

– Dersom Venstre ønskjer mest mogleg gjennomslag for sin politikk, så seier det seg sjølv at dei har størst sjansar til det ved å opne for samarbeid både mot venstre- og høgresida, seier fungerande gruppeleiar Marte Mjøs Persen.

Siste video

Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.
Programleder: Mariann Reikerås