Hopp til innhold

Venstre-nestleiaren flyttar frå heimbygda for å avverja kriseval

Terje Breivik har fått seg «hybel» i Bergen for å hindra at partiet fell under sperregrensa. – Valet blir ekstra spennande i år, seier han.

Terje Breivik

FLYTTAR: Nestleiar i Venstre, Terje Breivik, flyttar til Vestlandets hovudstad i eit forsøk på å halda seg over sperregrensa.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Eg skulle ønska at eg kunne hatt Ulvik som base. Men Bergen er mykje meir sentralt når du skal reisa på kryss og tvers av fylket, seier Venstre-nestleiar Terje Breivik.

Stortingsmannen frå Ulvik ser på heimfylket Hordaland som ekstremt viktig i valkampen. Han peiker på at det er eit folkerikt fylke der Venstre tradisjonelt har hatt god oppslutning.

– Valresultatet i Hordaland er heilt avgjerande for kva regjering landet får, og for om me får ny statsminister eller ikkje, meiner Breivik.

Taper veljarar i Hordaland

Frank Aarebrot

TAPAR TIL MDG: Miljøpartiet mobiliserer hjå dei same hordalendingane som Venstre, meiner professor og valforskar Frank Aarebrot.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Det ser skummelt ut for Venstre, men no gjer nestleiaren det han kan for å hindra at partiet kjem under sperregrensa i årets stortingsval.

Partiet har slite på meiningsmålingane, og på den siste frå InFact 20. juli fell Venstre ut av Stortinget i Hordaland.

Valforskar Frank Aarebrot meiner ein av årsakene til at partiet slit er konkurransen med Miljøpartiet De Grønne.

– Dei rammar i Hordaland fordi dei mobiliserer hjå dei same gruppene som Venstre; utdanna bygdeungdom og folk som bur i utdanningsområda på Vestlandet, seier Aarebrot til Nationen.

Nyleg uttalte partileiar Trine Skei Grande at Venstre må klara å gjera seg breiare, og visa fram meir enn berre miljøpolitikk.

Skal bu på hybel

Eit av tiltaka Breivik set i verk for å avgrensa tapet av veljarar, er at han flyttar frå heimstaden Ulvik, kor det bur rundt 1000 innbyggarar.

Frå 1. august og fram til valet skal han bu på hybel i Bergen, kor det bur ca. 280 gonger så mange. Målet med flyttinga er å nå fleire veljarar, og å enklare koma seg rundt i fylket.

Når han flyttar inn på tysdag, startar valkampen for fullt, og då blir oppgåva å visa kva Venstre vil gjera framover og kva dei har fått gjort dei siste fire åra.

– I politikk er det veldig greitt å leva som me lærer. At me gjennomfører den politikken som me gjekk til val på ved førre korsveg, seier Breivik.

Fattigdom og næringsliv

Erna Solberg med Bryggen i Bergen i bakgrunnen

ØNSKER ERNA: Breivik vil gi Erna Solberg fire nye år som statsminister, men det kan bli vanskeleg om Venstre kjem under sperregrensa.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Nestleiaren har kampen mot fattigdom, og særleg barnefattigdom, som ein av sine sentrale saker.

– Venstre vil jobba for å betra barnevernet, og sikra trygge, gode oppvekstvilkår. Dette er heilt avgjerande for korleis resten av livet eins blir.

Elles nemner Breivik næringslivet som eit viktig satsingspunkt.

– Leverandørar og vedlikehaldsindustrien på Vestlandet og langs kysten vår har vore gjennom sitt livs verste krise. Eg ser fram til å jobba for næringspolitikk som legg grunnlaget for ny vekst.

Breivik, som straks er ferdig med to vekers ferie heime i Ulvik, meiner at det kviler ei tung bør på Hordaland Venstre og hans skuldrer.

– Valet er alltid spennande i Hordaland, men det blir ekstra spennande i år.