Hopp til innhold

Vellukka sprenging av bombe frå andre verdskrig

Etter to dagars arbeid fekk Forsvaret detonert den 250 kilo tunge flybomba frå krigen.

Mannskap fra Forsvaret detonerte en 250 kilos bombe, som ble funnet ved ubåtbunkeren på Laksevåg i Bergen.

SE VIDEO: Like etter klokka 14.00 vart den 250 kilo tunge bomba detonert ved Kvarven mellom Gravdal og Kjøkkelvik.

– Det såg veldig bra ut. Dette er godt planlagd og alt gjekk som det skulle, seier orlogskaptein frå Forsvaret Wiggo Korsvik.

Det var tysdag at den gamle flybomba frå andre verdskrig vart funnen utanfor Laksevåg i Bergen.

Etter eit mislukka forsøk på å heve bomba onsdag, vart oppdraget utsett til torsdag. Sprenginga gjekk føre seg klokka 14.03.

– Bomba låg godt fast i leire og hardpakka grus, men no har vi lukkast, og skal heve den til overflata med løfteballong og deretter frakte den til Kvarven. Der skal den sprengast, sa Korsvik til NRK i forkant av operasjonen.

Dermed kunne aksjonen som vart utsett i går halde fram i dag.

Ikkje bekymra

Før bomba kunne detonerast måtte den senkast til botnen att ved Kvarven, og ein dykkar måtte symje ned for å klargjere den. Korsvik fortel at Forsvaret utfører liknande oppdrag mellom 300 og 400 gongar i året.

– Dette er noko vi gjer ganske ofte, men den største delen av bomber vi detonerer er tyske. Dei er om lag halvparten så store som denne, men vi reknar likevel at sprenginga i dag skal gå greitt, sa han til NRK i føremiddag.

Skulle treffe ubåtar

Det er snakk om ei britisk flybombe på rundt 250 kilo, og ikkje 500 som dei trudde først. Dette er ei stor bombe, men den er ikkje eit uvanleg funn for Forsvaret.

– Dette er ei bombe av typen AS som tyder antisubmarine. Dette stemmer godt med krigshistoria. Vi reknar med at bomba vart slept av britiske fly under andre verdskrig. Målet var å treffe ubåtar som låg i sjøen utanfor bunkeren på Laksevåg, fortel Korsvik.
AS-bombene inneheldt ei blanding av amatol og TNT som er blant dei mest vanlege sprengstoffa.

Sprenging av flybombe ved Laksevåg

HEVA: Bomba blei heva og flytta til eit trygt område ved Kvarven for sprenging.

Foto: Jakob Østheim / Forsvaret

Ideell stad for bombedetonering

Effekten av slike bomber vil gjere utslag i ei stor vassøyle på overflata av avfyringsområdet. Det er svært viktig at ein vel eit trygt område for slik aktivitet.

Kvarven, mellom Gravdal og Kjøkkelvik, har tidlegare blitt brukt til same formål, og Korsvik fortel at dette er det mest skånsame alternativet.

– Dersom ei bombe av denne storleiken ukontrollert går av under vatn, kan den øydeleggje ganske mykje. Eksplosiv av denne typen bør hevast og flyttast til grunne område nærme land for å skåne miljøet så godt det lar seg gjere. Då vil energien flytte seg opp frå overflata heller enn som trykkbølger under vatn, seier han.

Gummibåt utenfor ubåtbunker i Bergen

VED LAKSEVÅG: Bomba vart oppdaga av dykkarar utanfor ubåtbunkeren ved Laksevåg tidlegare denne veka.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK