Hopp til innhold

Oppvaskmøte etter opprør i Sjømannskyrkja

I dag samlast Sjømannskyrkja til ei ekstraordinær generalforsamling etter at toppsjef Audun Myhre blei pressa ut i mars.

Generalsekretær i Sjømannskirken Audun Myhre

GJEKK AV I MARS: Audun Myhre gjekk av som generalsekretær i mars, etter press frå styret. Ikkje lenge etter trakk også styret seg.

Foto: Øyvind H. Sæthre

Nesten ingen veit kvifor hovudstyret ville kvitte seg med Myhre.

Det har vore opprør i organisasjonen etter generalsekretæren måtte gå i mars, og i dag kan ein få svar på kva som har føregått i den norske kyrkja si utanlandsavdeling.

Vel nytt styre i dag

Kyrkja sa etter han gjekk av at årsaka var «ulike syn på korleis Sjømannskyrkja skal leiast og utviklast framover.».

Kort tid etter trekte også styret for Sjømannskyrkja seg. Årsaka var manglande tillit i organisasjonen.

Det er knytta spenning til om ein i det heile vil få svar på omstendigheitene rundt avgangen.

Stor misnøye

Det har vore uro i organisasjonen dei siste månadane.

– Tausheita om Audun Myhre sin avgang som generalsekretær har skapt stor usikkerheit på grasrota i organisasjonen, sa kretsstyreleiaren for Agder og Telemark, Sigurd Skjelsbæk i kjølvatnet av Myhres sin avgang.

I dag skal Sjømannskyrkja velje eit nytt styre, og forsøke å setje ein ny kurs alle kan semjast om før 150 års-jubileet denne sommaren.