For er du villig til å bla opp, tek nemleg proffane meir enn gjerne jobben for deg.
180 oppdrag på ei veke
Skal ein døme etter pågongen hjå reingjeringsbyrået City Maid i Bergen, har folk meir pengar enn tid nett no.
Tone Kårbø. (Foto: Arne Frank Solheim/NRK)
Denne siste veka før jul skal dette byrået åleine vaska heimane til 180 bergensarar som heller svingar Visa-kortet enn vaskekosten.
Lagar heller peparkaker
Pungar du ut 780 kroner i timen, kjem to vaskehjelparar heim til deg, og du kan gjera som huseigar Tone Kårbø; vie deg fullstendig til dei meir sjarmerande delane av julestria.
- Me har bakt peparkaker og peparkakehus, hatt juleverkstad og pynta til jul, men golvvasken overlet me til dei profesjonelle, fortel ho.
- Ikkje lat
Og Kårbø vil ikkje ha på seg at ho er lat.
Reinhaldar Linn Sæterstøl. (Foto: Arne Frank Solheim/NRK)
- Eg tykkjer det er ein proriteringssak. Småbornsforeldre i dag har det så travelt, og eg ønskjer i alle fall heller å bruka tida på borna mine, seier ho.
For driftskonsulent Eline Meier i City Maid er det hektisk for tida.
- Stort sett klarer me å vaska hjå dei som vil, men dei som kjem no i siste liten blir det vanskeleg å rekka over, fortel ho.
At julevasken er til sals er kanskje ikkje uventa når du kan kjøpa ferdiglaga peparkakedeig på Rimi og shoppingassistentar tilbyr å kjøpa julegåvene for deg.
Redd for farmor
Men det er nok endå ei stund til Julekveldsvisa må skrivast om.
Tanken om at du skal gjennom alle punkta for å verkeleg fortene julefeiring, står framleis sterkt.
- Eg tenkjer litt på kva farmor vil seia no. Ho blir nok litt oppkava når ho finn ut at eg ikkje har vaska sjølv. Eg er litt redd for det ja, ler Tone Kårbø.