Hopp til innhold

– Maskinene ubrukelege om få år

Trudde du utdaterte konsollar og spel frå 70-talet var gravlagt? Retro-messa i Bergen er beviset på at du tek feil, men snart tek alderdomen spelklassikarane.

RetroCon-messen ble arrangert i forbindelse med ByLan i Vestlandshallen i Bergen.

Mange har overlevd tiår med rivande digital utvikling. Over hundre konsollar og spelklassikarar fekk sjå dagens lys i Bergen.

Når Commodore Pet, C64 og Nintendo møter lan-messe for tusenvis av ungdom, så er det foreldregenerasjonen som er målet.

– Det å få tilbake den kjensla du hadde på 80, 90 og 2000-talet, det er det det handlar om.

– Kulturen må ikkje gå tapt

I samband med arrangementet «Bylan» i Vestlandshallen står Bo Gøran Kvamme og Dag Erik Hagesæter bak retromessa RetroCon, ei messe for retro-spel og retro-data. Tiki 100 og den originale PlayStation-konsollen er berre nokre av dei gamle underhaldningsplattformene som får nytt liv.

RetroCon

Bo Gøran Kvamme har tatt med seg nesten hundre klassiske datamaskiner og spelkonsollar. – Snart vert dei øydelagde. Difor må dei som vil få prøva dei no.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Eg synest det er viktig at denne kulturen ikkje går tapt, seier den dedikerte samlaren.

Kvamme stiller nemleg ut sine eigne samleobjekt: Nesten eitt hundre datamaskiner og spelekonsollar. Alle maskinene er operative og fungerer.

– Eg byrja i 1984. Så har det berre balla på seg. Det har nok mykje med nostalgi å gjera, men eg synest spelekvaliteten på dei gamle spela var betre, fastslår Kvamme.

Commodore 64

VETERAN: Commodore 64 vart introdusert i 1982. Då var prisen sett til 595 amerikanske dollar.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Terabit og Wi-Fi

Det er ikkje tilfellet for ungdomane som sit i den andre enden av idrettsanlegget.

Bylan er eit årleg arrangement som i samband med haustferien i Bergen lokkar tusenvis av unge til tre dagar med speling i Vestlandshallen.

Med meterlange nettverkskablar, harddiskar med fleire terabit minne og automatisk lagring er kvardagen ein litt annan for dagens generasjon dataspelarar.

– Det er foreldra som køyrer borna sine til Bylan me primært siktar oss inn på. For dei handlar det om å gjenoppliva nostalgien frå då dei sat på guterommet.

Tommy Sylta på RetroCon

Tommy Sylta deltok på RetroCon under Bylan i Vestlandshallen i Bergen 8. oktober.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Meiner unge treng sjå utviklinga

Då Commodore 64 gjorde suksess på 80-talet var det med 64 kilobit minne og kassettspelar og diskettstasjon som tilleggsutstyr.

Men det gårsdagens teknologi manglar mot dagens datagrafikk, betyr ingenting, meiner nostalgikarane.

– Det er ikkje utan grunn at Pacman, Tetris og Supe Mario framleis engasjerer. Her sitt eg 26 år seinare og har det framleis like moro, seier Tommy Sylta.

Han meiner det er viktig at dagens unge forstår kva datateknologien har vekst opp frå og kor langt utviklinga har kome.

Tommy Sylta

1990:– Her sitt eg 26 år seinare og spelar det same spelet og har det framleis like moro, seier Tommy Sylta.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Eg ser at mange av dagens unge blir fascinerte. Det å oppleva ein parallell til det dei sjølv interesserer seg for, og sjå historia bak, det trur eg er viktig.

– Maskinene ubrukelege om få år

Sylta trur ikkje spelklassikarane vil døyt ut.

– Dei vil koma i andre variantar og kanskje verta relanserte til mobile operativsystem, slik mange allereie har.

Nintendo 8-bit

8-bit-klassikaren Nintendo Entertainment System (NES) var svært populær i Noreg. Snart kjem den i nytt miniformat.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Men for maskinene som står utstilt ser ikkje framtida så lys ut.

Mange har overlevd tiår med rivande digital utvikling. Sjølv om dei er hardføre, lev dei ikkje evig.

– I løpet av dei neste fem til ti åra vert truleg retromaskiner som desse ubrukelege. Dei vert øydelagde og må reparerast. Difor må dei som vil få prøva dei no.