– Me spring viss det kjem ein lokkemann

Barn på Sotra har måtte lære om lokkemenn etter fleire episodar der barn har blitt utsett for skremmande situasjonar. Lærdomen har gjort dei mindre redde.

Barn på Sotra forteller om sin hverdag etter lokkemann-tilfellene.

BEVISSTE: Etter fleire episodar med lokkemenn i området, er barna på Knappskog skule på Sotra bevisste på kva dei skal gjere om dei hamnar i liknande situasjonar. Videojournalist: Daria Zoric/Redigering: Kjetil Rydland

– Eg berre går heim saman med andre, så eg tenkjer ikkje så mykje på at det kan komme nokon lokkemenn eller noko, seier Erlend L. Byrknes (9 år).

Det går heilt greitt, men det blir litt mykje styr når me heile tida må finne kven me skal gå med.

Maria Iversen (8 år)

Han er ein av dei mange elevane på Knappskog skule på Sotra, i Fjell kommune, som har måtte lære om lokkemenn og kva dei skal gjere dersom dei vert utsett for framande som tar kontakt.

I nærområdet vart ein ni år gamal gut forsøkt lokka inn i ein bil den 9 september, same dag som ei 15 år gamal jente vart forsøkt bortført i same område.

Denne jenta vart kontakta av gjerningsmannen på nytt, og fleire lokke-episodar dei siste tre vekene.

Går saman heim

Maria Iversen

GÅR SAMAN: Maria Iversen på åtte år synst det går greitt å gå saman heim etter skulen, og veit at det er tryggast.

Foto: Daria Zoric / NRK

Etter dei mange lokkemenn-episodane, har at barna blitt fortalt at dei skal gå saman heim frå skulen, og dette er noko dei følgjer opp.

– Det går heilt greitt, men det blir litt mykje styr når me heile tida må finne kven me skal gå med, seier Maria Iversen som er åtte år gamal.

Men, skjønar du det då, at du må gå med nokon?

Ja, for viss ikkje så kan det plutseleg stoppe nokon, og plutseleg er eg åleine. Så, det er betre å gå saman med nokon, seier Maria.

– Lurast å springe

Eg synst er heilt forferdeleg er at det finst slike folk i Noreg og verda.

Eirik Brekke (9 år)

I tillegg har barna på skulen lært korleis dei skal reagere dersom dei skulle bli utsett for ein lokkemann.

– Viss det kjem ein, så skal me springe heim eller til skulen, eller så kan du springe til ein annan vaksen og seie ifrå, seier Eirik Brekke (9).

– Me skal ikkje seie noko tilbake, for viss me svarar så kan det vera at han spør fleire og fleire spørsmål. Viss me får god kontakt går me kanskje inn i bilen, så det er lurast å berre springe med ein gong, seier Maria Iversen (8).

Barna er klare over at dei kan bli utsett for personar som vil skade dei, dersom dei lar seg lokke med.

– Du kan jo faktisk kanskje døy av det dei gjer, seier Eirik Brekke (9).

– Eg synst er heilt forferdeleg er at det finst slike folk i Noreg og verda, som faktisk går bort til barn, og er interessert i at dei skal komme bort, legg han til.

(Saka held fram under bilete.)

Barn på Sotra

MÅTTE LÆRE: Etter fleire meldingar om lokkemenn, har Eirik Brekke (9 år), Natalie Instanes (8 år), og Erlend L. Byrknes (9 år) måtte lære om kva dei skal gjere dersom dei blir utsett for det same.

Foto: Daria Zoric / NRK

Mange melder inn

Thomas Sørensen som er politioverbetjent i Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt, seier politiet ikkje ser nokon grunn til å vere spesielt uroa, og at det er viktig å vise normalt omsyn.

– Eg trur ikkje sakene som har vore oppe har freista fleire til å gjere det same. Dei episodane der det dreiar seg om lokkemenn skil seg ut, fordi dei er målretta og ikkje kan bli misforstått, seier han.

Mange saker har blitt avklart fort, då det viser seg å vere misforståingar, og Sørensen seier det er dumt om barna blir for påpasselege og redde.

– Eg trur at ungane er meir oppmerksame, for me fekk til dømes melding om ein bil som stoppa og at sjåføren hadde sett på ei jente, men då fann me ut at bilen hadde stoppa fordi jenta skulle krysse over vegen, seier han.

– Det var eit tilfelle der barnet hadde funne på det sjølv, og ei anna sak vart meld inn fordi barna hadde komme i kontakt med ein mann, og han ville eigentleg gi beskjed om at dei gjekk frå døra på huset open, seier Sørensen.

Kan ha sikra spor

Av sakene politiet har fått inn, konsentrerer dei seg mest om saka der ei 15 år gamal jente blei heldt fast. Det er kome 74 tips i saka.

– Me har hatt fire-fem vitne inne til avhøyr. Nokre seier dei har vore på staden, og nokon har gjort observasjonar i nærleiken, seier Thomas Sørensen.

Politiet har enno ingen mistenkte, då det er mange tips å gå etter.

– Me har sendt inn mogelege DNA-spor til laboratoriet, og me har ein del videomateriell me vil studere meir nøye når me veit meir kva me ser etter, seier han.

Politiet ser lite samanheng mellom dei mange forskjellige sakene som har blitt meldt inn, då det er stor variasjon i korleis bil, utsjånaden til personen, og oppførselen blir beskrive.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon