Hopp til innhold

Veit ikkje kva ho skal gjere

Torill Selsvold Nyborg veit ikkje kva ho skal gjere når ho ikkje lenger er fylkesordførar.

Fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg.

Torill Selsvold Nyborg veit ikkje kva ho skal gjere når ho ikkje lenger skal vere fylkesordførar.

Foto: Ketil Jordan / NRK

I går fekk ho beskjed om at Høgre og Frp ikkje lenger vil samarbeide med Krf i fylkespolitikken.

– Skittent spel

Selsvold Nyborg føler seg svikta, etter at Krf vart kasta ut av fleirtalskoalisjonen.

– Dette skjedde bak ryggen på meg. Eg meiner dei skulle spelt med opne kort slik som me gjorde. Dei skulle gjeve oss beskjed om at dei forhandla med Venstre.

Les òg: Han blir ny fylkesordfører

Klokka 19 onsdag kveld tok Torill Selsvold Nyborg i mot Frp og Høgre på fylkesordførarkontoret på fylkesbygget i Bergen. Men i staden for å diskutere politisk plattform for dei neste fire åra fekk den sittande fylkesordføraren oppseiinga rett i fleisen.

– KrF ga for lite

Tom-Christer Nilsen

Påtroppande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen meiner KrF har seg sjølv å takke.

Foto: Mats A. van Dam Lie

Krf var alt for lite villige til å gje i forhandlingane, meiner den påtroppande fylkesordføraren.

– Grunnen til at KrF måtte gå var at dei stod for steilt på sitt, og ikkje var villige på å bevege på seg, seier Tom-Christer Nilsen (H).

Om desse forhandlingane gjaldt fylkesordførarvervet vil ikkje Nilsen svare på.

Tom-Christer Nilsen har ingen forståing for at han vert skulda for ureint spel, og meiner Krf har seg sjølv å takke.

– Dette er ein del av det som er politikken. Ein må finne samarbeidspartnarar, og denne gongen vart det oss, Venstre og Framstegspartiet.

– Brydde seg berre om posisjonar

Den sittande fylkesordføraren seier partane til no berre hadde diskutert posisjonar og ikkje politikk.

– Det er faktisk berre det me har drøfta med Høgre, og det er det einaste kravet dei har hatt. Tom-Christer Nilsen sa at det berre var det som telte og at alt anna kunne forhandlast om, seier Selsvold Nyborg.

Selsvold Nyborg veit ikkje kva ho skal gjere når ho ikkje lenger er fylkesordførar.

– Det har vore to fantastiske periodar, og eg er veldig glad for dei åtte åra eg har hatt som fylkesordførar. Helst hadde eg sett at eg kunne få halde fram i ein eller annan posisjon, men når det ikkje skjer må eg bruke tida framover til å tenkje over kva framtida vil bringe.

Video Tom-Christer Nilsen

Høgre og Frp vil ikkje lenger samarbeide med KrF i fylkespolitikken.

Foto: Nyhetsspiller

– Håpar framleis at Venstre skal snu

Selsvold Nyborg har ikkje gitt opp å verte fylkesordførar. Ho håpar at Venstre vil snu og støtte eit samarbeid mellom sentrum og Arbeiderpartiet.

– Me håpar jo at Venstre tenkjer seg litt om no og ser korleis dei kan få gjennomført mest mogleg av sin politikk.