Hopp til innhold

Veit ikkje kor mange som er om bord på ferjene: – Går utover tryggleiken til passasjerane

SANDVIKVÅG (NRK): Når Autopass erstattar manuelt billettsal, blir det vanskelegare å vita kor mange som er om bord viss det skjer ei ulukke med ferja. – Det er ikkje så lett, men det blir eit nesten nøyaktig tal.

Ole Kristian Eknes, matros "Bastø 2"

– NESTEN NØYAKTIG: Matros Ole Kristian Eknes kikkar inn i bilane idet dei køyrer om bord, og klikkar passasjerane inn på teljeklokka.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

På ferjekaien i Sandvikvåg på E39 står matros Ole Kristian Eknes med ei lita teljeklokke i handa.

– Bussjåførane seier kor mange passasjerar dei har, og så kikkar me inn i bilane. Me tel kor mange, og klikkar det inn på denne teljaren.

Men han vedgår at det ikkje er enkelt å telja alle, til dømes på grunn av sota bilruter.

– Skulle det blitt meir nøyaktig, måtte me ha stoppa og spurt inn i kvar bil.

– Viktig å telja oss

Halhjem-Sandvikvåg sør for Bergen er det tredje mest trafikkerte ferjesambandet i landet. Både her og på sambandet Mortavika-Arsvågen nord for Stavanger er det no innført heilautomatisk Autopass-betaling i ferjekøen.

Ein betaler dermed berre for køyretøyet, og ingenting for passasjerane.

Sjølve billetteringa har ikkje lenger oversikt over kor mange som faktisk er om bord.

– Det er viktig at me passasjerar blir talde, i tilfelle det skjer noko med båten, meiner bilist Ansgar Nord-Varhaug.

Må telja før avgang

Alle passasjerane NRK møter trur det blir ei stor utfordring for mannskapet å få oversikt over passasjertalet.

– Eg jobbar sjølv i Nordsjøen og veit kor vanskeleg det er å ha kontroll, sjølv om ein har personlister. Men viss ferja forliser, veit pårørande at eg er om bord, seier ein.

Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet seier regelverket er heilt tydeleg.

– Ein skal ha kontroll på talet på passasjerar og mannskap før ferja legg ut frå kai, i tilfelle ei alvorleg ulukke med leiteaksjon, eller ved evakuering av skipet.

Kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Dag Inge Aarhus

BER FOLK VARSLA: Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet seier det er positivt viss folk gir beskjed viss dei er usikre på om ferjemannskapet tel passasjerane riktig.

Foto: Haakon Nordvik / Sjøfartsdirektoratet

– Ein nøyaktig oversikt?

– Det seier regelverket, og så må ein ha ein god dialog om kva som er praktisk mogleg.

– Ikkje talde på korrekt måte

Aarhus seier direktoratet har vore usikre på om Autopass vil svekka oversikta over passasjertalet.

På Fjord1-sambandet Arsvågen-Mortavika over Boknafjorden fekk direktoratet inn bekymringsmeldingar frå publikum og gjorde eit umeld tilsyn 10. januar.

– Tilsynet avdekka avvik. Passasjerane vart ikkje talde på korrekt måte. Reiarlaget fekk éin dags frist på å retta det opp.

Teljeklokke for fergepassasjerar i Sandvikvåg-Halhjem

– GANSKE PRESIST: Personane i bilane blir talde i fart medan dei køyrer om bord på ferjer som har innført Autopass.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Aarhus veit ikkje kor stor feilteljinga var, men seier Fjord1 mellombels innførte tiltak med ekstra bemanning på kaiane, og at dei no jobbar med meir permanente løysingar.

– Krevjande

Sjøfartsdirektoratet føljer også med på Torghatten Nord si ferjedrift på sambandet Halhjem-Sandvikvåg over Bjørnafjorden sør for Bergen.

– Me kjem anten til å gjennomføra tilsyn eller ha møte med reiarlaget, seier Aarhus i direktoratet.

– Har folk grunn til uro?

– Eg trur ingen skal kjenna seg utrygge. Men det er positivt viss folk gir oss beskjed om dei er usikre.

Torkild Torkildsen

UTFORDRING: Administrerande direktør Torkild Torkildsen i Torghatten Nord seier Autopass gjer det meir utfordrande å få eit påliteleg passasjertal før ferja går frå kai.

Foto: Amalie Nygård Jakobsen / NRK

Administrerande direktør i Torghatten Nord, Torkild Torkildsen, forsikrar at dei tel alle som kjem om bord.

– Me skal ha eit påliteleg tal når ferja går frå kai. Men det er meir utfordrande når me har automatisert og ikkje billetterer i bilvindauga.