Hopp til innhold

Toskedalsvegen opnar ikkje i dag

Toskedalsvegen i Vaksdal, er framleis stengd. Geolog fryktar heile vegen vil rase ut i fjorden etter jordskredet onsdag. Ny vurdering vil bli gjort måndag kl. 12.00.

Ras i Vaksdal, halve veien borte

SKYLT BORT: Vegen inn til bygdene i Vaksdal kommune er skylt vekk over eit strekk på nesten 30 meter.

Foto: Jan-Egil Dyvik / Avisa Hordaland

Dei tre bygdene Grøsvik, Gammersvik og Toskedalen i Vaksdal er framleis isolert etter at det gjekk eit jordskred seint onsdag kveld like før Gammersvik. Mellom 20 og 30 personar, kjem seg ikkje ut på den einaste bilvegen inn til bygdene.

Eirik Haga

OPPGITT: Ordførar Eirik Haga er opprørt over at fleire personar har prøvd å gå forbi rasstaden til fots.

Foto: NRK

Eit fjellsikringsfirma er godt i gong med sikringsarbeidet. Dei har i lag med tilsette i Vaksdal kommune arbeida laurdag og søndag.

– Målet er å få etablert ein gangveg for gåande og syklande med gjerde. Arbeidet er veldig krevjande, så vi reknar ikkje med å få etablert gang og sykkelsti forbi området i dag, seier ordførar i Vaksdal kommune, Eirik Haga.

Kommunen har fått sett opp båtskyss for befolkninga i dei to bygdene. Sjå faktaboks til høgre for rutetider.

Ei ny vurdering vil bli gjort måndag 23. februar kl. 12.00.

Geolog tør ikkje gå inn i raset

Både ordføraren og Vegvesenet sin geolog er opprørt over at fleire personar har prøvd å gå forbi rasstaden til fots.

– Geologen seier det er livsfarleg å opphalde seg i det stengde området eller å gå gjennom det. Han vil ikkje gå inn i området sjølv eingong. Det er fare for at heile vegen kan rase ut, så situasjonen er alvorleg, seier Haga.

Det er sett opp fysiske sperringar føre rasstaden og politiet vil om kort tid setje opp sperreband. Ifølgje ordføraren vil politiet og patruljere på staden i periodar for å sjå til at ingen går forbi sperringane.

Geologen frykter hele veien skal ramle ut i fjorden etter jordraset i Vaksdal onsdag kveld. 
Likevel tar folk sjanser og går på den ødelagte veien.

VIDEO: Folk i dei isolerte bygdene trassar sperringane for å kome seg forbi rasstaden på Toskedalsvegen.

– Pokka naudt til å respektere forbodet

– All ferdsel er forbode på staden, og folk er pokka naudt til å ta omsyn til forbodet som er sett i verk, seier Haga.

– Då geologen var på staden saman med kommunen sine folk, fekk dei sjølv sjå at folk gjekk forbi sperringane. Dei heldt fram forbi, sjølv etter at dei var blitt snakka til, seier ein oppgitt ordførar.

Det vil gå lang tid før det kan bli biltrafikk her igjen. Det vil ta fleire månadar, seier Haga.

Toskedalsvegen