Hopp til innhold

Vegvesenet meiner ferjeselskapet underrapporterer forseinkingar

Norges tredje største ferjesamband har hatt langt fleire forseinkingar enn kva reiarlaget har rapportert om, meiner Vegvesenet.

Bastø II ved Sandvikvåg fergekai

FOR SAKTE: MF «Bastø II» hadde ikkje høg nok fart til å halde rutene i starten. Det førte til kanselleringar og forseinkingar. Men Torghatten Nord har ikkje rapportert inn nok slike, meiner Vegvesenet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Vegvesenet ber no Torghatten Nord om å skjerpe inn rutinane for å gje eit meir korrekt bilete av situasjonen på det problemfylte ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg.

– Det dei har rapportert, samsvarar ikkje med tilbakemeldingane vi får frå dei reisande, seier Anders Sæternes, fagkoordinator for ferjer i Statens vegvesen region vest.

Fire reserveferjer på fjorden

Reiarlaget har vore i hardt vêr sidan dei tok over sambandet 1. januar. Torghatten Nord bestilte fem nye gasselektriske hybridferjer til å trafikkera sambandet, men alle blei forseinka.

Dermed måtte fire reserveferjer setjast inn, utan at det blei nokon suksess.

Heile 105 gongar på 16 dagar var det for vêrhardt til å gå over fjorden, ifølge det nye ferjeselskapet.

Til samanlikning hadde Fjord 1, som dreiv sambandet før, 37 innstilte avgangar på grunn av dårleg vêr – i løpet av heile 2017 og 2018.

Bastø II havarerte i Bjørnafjorden

MOTORSTANS: Reserveferja «Bastø II» måtte bli slepast til lands då over 100 personar vart ferjefaste i seks timar i februar.

Foto: Bente Alfarnes Johansen

– Usemje om tolkingar

NRK har fått innsyn i Vegvesenet si behandling av avviksrapportane som Torghatten Nord har sendt inn.

Frå 1. januar til 26. mars var heile 193 avgangar innstilte, dei fleste i årets første månad.

Reiarlaget skuldar på at mange av dei innstilte avgangane i januar blei innstilte på grunn av dårleg vêr.

Men i eitt av svarbreva poengterer Statens vegvesen at det slett ikkje har vore varsla eller kunngjort ekstremvêr i januar.

I årets første to månadar rapporterte Torghatten Nord om 71 forseinka avgangar og anløp. Talet er for lågt og stemmer ikkje med røynda, meiner Vegvesenet.

Dei trur ikkje at Torghatten held tilbake informasjon med vilje, men meiner at reiarlaget må ha betre rutinar.

– Vi er ikkje nøgde med presisjonen i rapporteringa til Torghatten Nord, seier Sæternes.

Driftssjef Fredrik Moe i Torghatten Nord seier i ein kommentar torsdag kveld at usemja dreier seg om ulike tolkingar. Samstundes seier han at selskapet ikkje har høve til å kommentera kritikken før fredag.

Ferje på Bjørnafjorden

BJØRNAFJORDEN: Biletet er tatt frå Bastø III og viser Bastø II i midten av januar. Ferjeselskapet får kritikk for å gå med ferjer som slett ikkje er tilpassa forholda i fjorden.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Vil halde tilbake pengar

NRK har tidlegare skrive at reiarlaget får millionbot frå Vegvesenet på grunn av innstilte avgangar.

Vegvesenet har bestemt seg for å halde tilbake deler av betalinga for drifta, men vil ikkje seie kor mykje dei trekker frå utbetalinga til Torghatten Nord. Dei meiner beløpet er underlagd teieplikta.

Til forskjell frå bota for innstilte avgangar, kan ikkje forseinka avgangar og anløp straffast enkeltvis. Forseinkinga blir målt over eit lengre tidsrom og kan straffast viss dei er gjentakande, ifølge Sæternes.

– Førebels har vi ikkje kome så langt ut i året at det er grunnlag for å spekulere om dette får økonomiske konsekvensar for Torghatten.

Først i slutten av februar kom to av dei bestilte ferjene til Noreg frå det tyrkiske verftet.

Kritikken til trass er Vegvesenet nøgd med korleis utviklinga har vore sidan 1. januar.

– Produksjonen er blitt betydeleg betre sidan oppstart, men det er framleis rom for betring, seier han.

Halhjem-Sandvikvåg