Hopp til innhold

Gigantprosjekt kan bli milliardar billegare

I går sette statsministeren foten ned for høge kostnader på ferjefri E39. I dag lovar Statens vegvesen at den planlagde brua på vestlandskysten kan bli fleire milliardar billegare.

Hordfast-illustrasjon ny

GIGANT: Brubjelken i midten skal halda den flytande brua på plass. Vekta er 120.000 tonn reint stål. – Her kan kuttast mykje, seier bruekspert.

Foto: Illustrasjon / Statens Vegvesen

Nye ferjefri E39 kan bli det største vegprosjektet i noregshistoria, men å finna fastlandsforbindingar langs den 1100 kilometer lange kyststrekninga mellom Kristiansand og Trondheim har vist seg å vera utfordrande.

Regjeringa vil ha firefelts veg med bruer mellom Stord og Os i Hordaland, men rekninga må bli lågare, sa statsminister Erna Solberg då ho i går presenterte utdrag frå ny Nasjonal transportplan (NTP) i Arna.

Kombinasjonen av fjorddjupnader på opptil 550 meter og ei totallengd på rundt fem kilometer gjer det umogleg med konvensjonelle brutypar over Bjørnafjorden.

Prisen på det mykje omtala bruprosjektet Hordfast har difor passert svimlande 43 milliardar kroner.

Milliardinnsparingar under overflata

Men ein lågare prislapp er ingen problem, svarar fagfolk i dag.

Innsparingsmoglegheitene kan finnast på botnen av Bjørnafjorden. Dagens planar legg berre opp til brua skal festast i kvar sin ende av Bjørnafjorden, på Reksteren på Tysnes og i Os.

Men klarar Vegvesenet å festa brua til havbotn i tillegg, kan ein spara milliardar, meiner ein av landets fremste brudesignarar.

– Viss me kan gjera bruk av fortøyingsfeste over fjorden, vil me kunna bruka mindre stål på sjølve stålkonstruksjonen. Me kan difor redusera storleiken på brubjelken som går over fjorden, seier prosjekteringsleiar i Statens vegvesen, Øyvind Nedrebø.

Øyvind Nedrebø

Øyvind Nedrebø er prosjekteringsleiar i Statens vegvesen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Brubjelken som skal halda den flytande konstruksjonen på plass i all slags vêr er etter dagens teikningar målt til 120.000 tonn i reint stål. Planane som er på teiknebrettet no, ligg opp til ei halvering av tyngda.

– 70.000 tonn, og me jobbar med å få talet nedover. Det vil gje ein kjempevinst viss me kan utnytta sjøbotn, meiner Nedrebø.

Lite å spara på færre køyrefelt

Fleire, blant andre fylkesrådmannen i Hordaland, har teke til orde for å droppa firefelts motorveg og i staden byggja to felt over den vide Bjørnefjorden. Men å gå frå firefelts- til tofeltsveg, vil monna lite, ifølge vegvesenet.

Det er på brua ein kan ta dei største kostnadskutta.

– Bruene byggjer me for framtida. I det store og heile er det berre mindre pengesummar å spara på å snevra inn og ut her og der, seier prosjektleiar Signe Eikenes.

Signe Eikenes

Signe Eikenes er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Korleis ingeniørane skal forankra festepunkt i fjordbotn, er enno uvisst.

På botn er leirlaget over femti meter djupt på det meste. Andre område er omtrent fritt for leire. I tillegg må ankera vera dimensjonerte for skred- og jordskjelv. Samstundes hentar ein framleis inn data for å danna eit påliteleg statistisk grunnlag av bølgjer og vind.

– Dette er det desidert mest krevjande bruprosjektet eg har jobba med. Det er mange i utlandet som følgjer tett med.

Tør ikkje spå

Nedrebø er glad for at regjeringa har bedt om ei betre løysing. Betre tid gjer det lettare å byggja ei billegare bru.

– Dess meir tid me får, jo nærare kjem me til botn av kompleksiteten og veit kva me har å halda oss til. Då vil me ha ei konkret løysing med eit ankersystem, som me kan setja ein pris på.

Først til sommaren har truleg vegvesenet ein ny prislapp til regjeringa.