Vegvesenet med betongtabbe: Bestilte 1100 kubikkmeter – behovet var elleve gonger større

DEILDO (NRK): Vegvesenet vil ikkje svare på kor mykje dyrare rassikringsprosjektet på riksveg 13 no blir.

Deildo betong

BUDSJETTSPREKK PÅ 1036 PROSENT: Vegvesenet trudde dei trong 1100 kubikkmeter sprøytebetong til rassikringsprosjektet i Deildo i Hardanger. No er talet oppe i 12.500 kubikkmeter. – Vi måtte sikre meir med sprøytebetong, boltar og stag enn vi trudde, seier byggjeleiaren.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Dette er ting som kjem oppå den opphavlege summen. Så vi får ein sluttsum som er atskilleg høgare enn føresett, medgir Terje Nesse i Statens vegvesen.

Han er byggeleiar for rassikringsprosjektet i Deildo på riksveg 13 i Ullensvang.

Planen var å bruke 315 millionar kroner på utbetringa av den viktige pendlarvegen i Hardanger. Men allereie i oktober i fjor varsla Vegvesenet ein kostnadssprekk på 115 millionar, grunna auka sikringsbehov.

No er det klart at betongbehovet til prosjektet blir heile elleve gonger større enn det Vegvesenet trudde.

Om det også betyr at budsjettsprekken blir endå større enn dei varsla i fjor haust, vil ikkje byggjeleiaren svare på.

– Eg vil ikkje gå inn i dei detaljane før sluttoppgjeret er gjennomført, fordi det alltid er diskusjonar rundt einskilddelar. Så ein sluttsum vil vi ikkje gå ut med i dag, seier Nesse.

Terje Kåsin Ølen Betong

PÅ KJENDE TRAKTAR: – Det har blitt ein god del turar. Eg har sikkert vore her 20-25 gonger, seier Terje Kåsin, sjåfør i Ølen Betong. Selskapet skulle eigentleg levere 1100 kubikkmeter betong til vegsikringsprosjektet på rv. 13 i Deildo. No viser det seg at behovet var over elleve gonger høgare.

Foto: Tale Hauso / NRK

Sprekk på 1036 prosent

Det er selskapet Ølen Betong som leverer betongen som blir brukt til å rassikre skråningar og fjellsider langs vegen mellom Espenes og Geithamrane.

– Det er ikkje uvanleg at prosjekta treng meir betong enn først planlagt. Men då snakkar ein vanlegvis om ein «sprekk» på ti prosent, seier divisjonsleiar for ferdigbetong, Stian Berge, til det lokale næringslivsnettstaden Medvind 24.

I Deildo blir betongbudsjettsprekken på heile 1036 prosent: Den planlagde leveransen på 1100 kubikkmeter sprøytebetong, har no kome opp i så mykje som 12.500 kubikkmeter.

Det er nesten like mykje som gjekk med til å støype eit 40-50 cm tjukt botndekke i den nær åtte kilometer lange nye Ulrikstunnelen på Bergensbanen.

Det er skjøre fjellmassar som har utløyst det store betongbehovet i Deildo, fortel byggjeleiar Nesse.

– Fjellet var av dårlegare kvalitet enn vi trudde. Dermed måtte vi sikre meir med sprøytebetong, boltar og stag, både av omsyn til dei som jobbar der og dei som køyrer forbi.

15 000 kubikkmeter med stein blir sprengt på riksvei 13 i Hardanger.

SPRENGTE FJELLET: I oktober 2016 blei 15.000 kubikkmeter med stein sprengd i Deildo.

– Spesielle forhold

Til NRK seier Berge i Ølen Betong at han aldri før har vore borti liknande. Selskapet har så langt køyrt kring 1300 turar med betongbilar til anleggsområdet.

– Det har blitt eit mykje større prosjekt enn vi trudde, konstaterer Berge.

Vegvesenet innrømmer at feilberekninga på 1036 prosent er grov.

– Det er jo høgt, det er det. Men det er ei vurdering som er gjort for å få sikker veg, spara framtidige vedlikehaldskostnadar, og vere sikker på at det ikkje dett ting ned i vegen som ikkje skal ned i vegen, seier byggjeleiar Terje Nesse.

– Burde ein ikkje visst om dette på førehand?

– Jo, det kan du godt seie. Men no er det litt spesielle forhold her, og det som blei sagt i rapportane var at ein måtte vurdere behovet undervegs, påpeiker Nesse.

Rassikringsarbeidet starta i januar 2016. No er ein endeleg kome i sluttfasen av betongarbeidet. Heile prosjektet skal etter planen vere ferdig til september 2018.