NRK Meny
Normal

Fekk anbodet avvist fordi ferjene bråkar for mykje

Fjord1 var einaste selskap som leverte anbod på to av Noregs største ferjesamband. Men Vegvesenet seier nei fordi ferjene lagar for mykje lyd.

Gassferja MF Raunefjord ved Halhjem ferjekai

BRÅKAR: Gassferjene til Fjord1 på sambanda Halhjem–Sandvikvåg og Mortavika – Arsvågen innfrir ikkje Vegvesenet sitt støykrav. Her legg MF Raunefjord frå kai ved Halhjem.

Foto: Harald Sætre

– Fjord1 har ikkje klart å dokumentera at ferjene er innanfor støykravet, seier fagkoordinator Anders Sæternes i Statens vegvesen til NRK.

Selskapet, som har hovudbase i Florø, driv i dag ferjesambanda Halhjem–Sandvikvåg i Hordaland og Arsvågen–Mortavika i Rogaland.

Sambanda på E39 mellom Bergen og Stavanger er to av dei tre mest trafikkerte i Norge, og begge har ferjer som går på gass.

Statens vegvesen lyste i vår ut konsesjonen for 2017 på dei to sambanda. Det var berre Fjord1 som hadde levert anbod då fristen gjekk ut i sommar. Men svaret frå Vegvesenet er førebels altså nei. Det var Sogn Avis som først skreiv om saka måndag.

Kan miste lukrativ kontrakt

Avisa skriv at Fjord1 ikkje klarar å halda seg innanfor marginane i støykravet, mellom anna når ferjene legg til kai ved Halhjem i Hordaland.

I det tronge sundet sør for Os kjem ferja tett på hytter, fritidshus og fastbuande. Sæternes i Vegvesenet forklarer til NRK at støykravet er stramma inn sidan førre anbodskunngjering.

– Det er ulike årsaker til det. Det generelle støykravet er innskjerpa på alle ferjekontraktar no, seier Sæternes.

I sjølve tilbodet frå Fjord1 tek dei atterhald om at dei ikkje innfrir minstekravet, får NRK opplyst. No risikerer altså Fjord1 å miste dei lukrative E39-sambanda.

Stavangerfjord, Mortavika, Mekjarvik

MF Stavangerfjord ved Mortavika.

Foto: Ole Andreas Bø/NRK

Trur på avklaring før jul

På grunn av avvisinga må kanskje kontraktane på ferjesambanda lysast ut på nytt.

Vegvesenet har førebels ikkje konkludert med kva som skjer vidare, og om Fjord1 om må delta på ein ny anbodsrunde.

– Vi reknar med at vi har konkludert med korleis vi skal handtera dette vidare før nyttår, avsluttar Sæternes.