NRK Meny
Normal

Vegprosjekt gav stort arkeologisk funn: – Ganske utruleg

BILDØYNA (NRK): Området måtte sjekkast for arkeologiske skattar før det store bruprosjektet kunne starta opp. Det gav full utteljing.

Stor arkeologisk utgraving på Bildøy utenfor Bergen

STORT OMRÅDE: Mellom Bildøyna og Bergen skal det i framtida byggast ny bru. Men først må ei stor arkeologisk utgraving bli ferdig.

Foto: Elise Angell / NRK

Søppelfyllingar, bålplassar, hyttegolv og jaktreiskapar er berre noko av det arkeologane har grave fram på Bildøyna på Sotra.

Funna vart gjort i førebuinga til byggestarten for det nye Sotrasambandet mellom Bergen og øyane i vest.

Forskar og prosjektleiar for arkeologiske undersøkingar ved UiB, Leif Inge Åstveit.

LEIAR: Leif Inge Åstveit er prosjektleiar for utgravingane.

Foto: Elise Angell / NRK

– For ein arkeolog er dette veldig kult, seier Leif Inge Åstveit, forskar og prosjektleiar for arkeologiske undersøkingar ved Universitetet i Bergen.

7000 år gamle funn

Arkeologane har avdekka heile tolv buplassar frå steinalderen på Bildøyna, som skal gravast ut før byggestart.

Åstveit reknar med å grave ut om lag 20 prosent av funna for å bevare dei på Universitetsmuseet. Arkeologen fortel at særleg den eine utgravingsstaden skil seg ut.

– 7000 år gamle ting ligg rett under jorda. Det er ganske utruleg når ein ser kor mykje som er i området av hus og vegar. Dette hadde vi ikkje trudd, seier han.

Arkeologar i gang med utgraving på Bildøy på Sotra.

GRAVAST OPP: Området på Sotra-sida vrimlar for tida med arkeologar og graveutstyr.

Foto: Elise Angell / NRK

– Hadde nok tette tak

Åstveit anslår at funna er frå mellom 6000 og 7000 år tilbake i tid, og fortel at menneska som levde då, akkurat hadde starta å busette seg fast, særleg i nærleiken av tidevasstraumar.

– Vi har ikkje funne nokon godt bevarte bustadar, men vi har funne restar etter hyttegolv. Vi trur dei bygde hytter av torv og skinn, fortel han.

På den tida var klimaet noko varmare enn i dag, men då som no hadde dei mykje nedbør.

– Dei hadde nok tette tak på hyttene, seier Åstveit.

Arkeologiske funn på Bildøyna på Sotra.

REISKAPAR: – Vi finn flest avfallsprodukt frå reiskapsproduksjon. Det kan til dømes vere steinar som har vore brukte til å slå av sylskarpe knivar som kunne skjære i skinn og kjøt, fortel Åstveit.

Foto: Elise Angell / NRK

Fann godt bevart øks

Variasjonen i funn og det store talet på buplassar gjer at arkeologane kan få eit samansett bilete av korleis menneska levde for nesten 7000 år sidan.

Når NRK er på staden, har arkeolog Marita Fleseland akkurat grave fram ei øks.

– Det var kjempegøy. Det er ikkje ofte ein finn ei så fin og heil reiskap, seier ho.

– Funna kan tyde på at det på denne staden har budd om lag tre familiar, seier Åstveit.

Arkeolog Marita Fleseland

FANN ØKS: Arkeolog Marita Fleseland fann ei nesten intakt øks. – Det var kjempegøy, seier ho.

Foto: Elise Angell / NRK

– Draumen er å finne gravplassar

Han håpar dei snart finn menneskelege leivningar.

– Draumen er å finne gravplassar. Diverre gjer det sure jordsmonnet på Vestlandet at det er sjeldan ein finn beinrestar etter menneske, seier han.

Åstveit peikar også på at dei veit lite om gravskikkane på den tida.

– Det kan hende dei sende dei døde ut på sjøen eller kremerte dei. Vi veit rett og slett veldig lite om akkurat det, seier han.

Sotrasambandet

STORT PROSJEKT: Det er den framtidige brua mellom Sotra og Bergen som er årsaka til den store utgravinga.

Foto: Statens vegvesen / Illustrasjon

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.