Hopp til innhold

Meiner vegen var for dårleg strødd

Ulukkesgruppa til Vegvesenet slår fast at E39 var for dårleg strødd natta ei dødsulukke skjedde på Stord, og at dette var ein avgjerande medverkande faktor til ulukka. Ein vogntogsjåfør og dottera hans (10) mista livet i ulukka.

Vogntog havnet utenfor veien på Stord

MISTA LIVET: Både vogntogsjøren og dottera hans som var med i vogntoget mista livet då vogntoget køyrde utfor vegen ved Ådland Bru på E39 på Stord.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Natt til 28. februar 2013 køyrde eit vogntog av vegen ved Ådland bru på E39 på Stord i Hordaland. Den 47 år gamle nederlandske sjåføren Dave Gardien og dottera hans Anja (10) mista livet i ulukka.

Statens vegvesen si ulukkesgruppe har granska dødsulukka og fullførte tidlegare denne månaden rapporten sin om ulukka.

I rapporten blir fleire faktorar som bidrog til dødsulukka lista opp, og den viktigaste er kanskje at E39 ikkje var tilstrekkeleg strødd. Ulukkesgruppa kjem også med krass kritikk til entreprenøren, skriv Haugesunds Avis.

– Ikkje god nok dukumentasjon av risikovurdering

Ulukkesgruppa har undersøkt det dei kallar organisatoriske forhold, veg forhold og trafikantforhold i tillegg til køyretøyet.

Av organisatoriske forhold kritiserer ulukkesgruppa i rapporten at risikovurdering i forkant og undervegs av vêrhendinga ikkje kan dokumenterast godt nok av Statens vegvesen sin entreprenør. Datamaskinen fungerte ikkje natta ulukka skjedde. Statens vegvesen blir kritisert for å ha manglande «vinterpolicy» under spesielle vinterforhold.

– Me arbeider stadig for å få betre forhold på vegen på vinteren. Det er ei kjensgjerning at ein ikkje alltid greier å treffa heilt med strøinga når det er spesielle forhold, særleg når det er kaldt i asfalten og regn på vegen, seier avdelingsdirektør Olav Finne i Statens Vegvesen Region Vest til NRK.

Vegen oppfyller ikkje dagens standard

To omkom i utforkjøring ved Ådland bru

GAMMAL STANDARD: Vegen ved Ådalnd bru der ulukka skjedde blei bygd for mange år sidan og oppfyller ikkje dagens standard.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Kvalitetssikringa av vinterdrift og styring av leveransar må bli betre meiner ulukkesgruppa til Statens vegvesen.

– Det er viktig å få ein slik rapport, for den gir oss grunnlag for å betra standarden på dagens veg, når det gjeld drift og vedlikehald. Det gir oss også grunnlag for å laga betre løysingar på sikt med nye vegar, seier Finne.

LES OGSÅ: Varslet om glatt veg før ulykken

Tilstanden til sjølve vegstrekninga blir også sterkt kritisert, og det blir trekt fram at geometrien til vegen ikkje følgjer vegnormalen. Dette gjeld særleg horisontalkurve, overhøgde, fall, breidde på køyrefelt, utforming av avkøyringsfelt, optisk linjeføring og rekkverk løysing.

– Denne vegen er bygd i ei anna tid og har ei kurvatur som ikkje er i samsvar med dagens standard. Det er kryss i området som gjer det vanskeleg å få skikkeleg tverrfall på vegen, slik han skal ha etter dagens standard. Det gjer at det er ein vanskelgare veg å køyra på enn det er på vegar med dagens standard. Vegen er bygd i ei anna tid og på den tida var det andre krav til standard enn det er i dag, seier Olav Finne.

Har starta planlegging av ny veg

Andre faktorar ulukkesgruppa meiner også kan ha bidrege til at traileren hamna utfor vegen er vegen etter asfaltering året før ikkje hadde fått ny kvit kantstripe og at kantstolpar som var sett opp var sett opp feil. Desse to faktorane kan ha gjort det uklart kor vegen vidare nordover går.

Rekkverket var også underdimensjonert, ikkje berre for trailerar men for alle køyretøy. På grunn av dårleg tilpassing mellom hastigheita for strekninga og stoppsiktkravet meiner ulukkesgruppa at farten på staden burde ha vore 60 km/t og ikkje 70 km/t. Nokre av faktorane ulukkesgruppa trekk fram lova Vegvesenet tre månadar etter ulukka i 2013 utbetring av.

– Etter at ulukka skjedde har me gjort det som er mogleg å endra på tverrfallet, slik at vegen hellar vekk frå kryssområdet i svingen der. Me har også rydda betre sikt og merka vegen betre. Det er også slik at rekkverket som var der ikkje var etter dagens standard, og det rekkverket er endra på, forklarer Olav Finne.

– Me har gjort dei tiltaka som er mogleg å få til med dagens veg utan at ein må bygga ein heilt ny veg på strekninga. Me har starta planlegging av ny veg forbi Leirivik og den aktuelle strekninga her. Ein ny veg vil ha ein heilt annan og sikkeleg standard etter dagens krav i motsentening til den vegen som er der i dag, legg Finne til.

Meiner bilbelte kunne ha påverka utfallet

Statens vegvesen uttalte kort tid etter ulukka i fjor at viss dei to som var i traileren hadde brukt bilbelte ville dei ha overlevd.

I rapporten graderer ulukkesgruppa dei ulike faktorane som kan ha medverka til skadeomfanget i trafikkulukka. I tillegg til glatt veg blir manglande bruk av bilbelte kategorisert som det som hadde avgjerande betyding for omfanget. Ei nasjonal bilbeltekampanje retta mot utanlandske bilførarar blir føreslått som eit langsiktig tiltak som bør gjennomførast.

Ulukkesgruppa har ikkje funne tekniske manglar ved vogntoget, eller brot på kviletid hos sjåføren den siste veka før ulukka skjedde.