NRK Meny
Normal

Vegen i Hardanger stengt ut veka etter steinras

Geolog har slått fast at det er fare for nye ras på fylkesvegen mellom Utne og Grimo. Fjellsida må sikrast før opprydninga kan starte.

Steinras på fylksveg 550

RAS: Dei store steinane som raste ned frå fjellsida må truleg sprengast før dei kan flyttast.

Foto: Rune Skjerveggen Holven

Det er for farleg å starte oppryddingsarbeidet ved Trones på fylkesveg 550 i Hardanger. Eit sikringslag må opp i fjellsida og reinske og sikre, før anna arbeid kan gjerast.

– Det er så farleg her, at vi ikkje kan la folk jobbe på nedsida, seier Ole Endal Svåsand, prosjektleiar i Statens vegvesen for drift og vedlikehald i Hardanger.

Han fortel at det ikkje vil bli gjort nye vurderingar før måndag.

– Vi vil sjølvsagt opne så snart som råd, men vi trur ikkje det blir før seint måndag eller tysdag, seier han.

Jord- og steinraset gjekk om lag klokka 18.15 måndag kveld. Ved Trones, mellom Utne og Grimo på fylkesveg 550 i Hardanger er vegen no dekka av digre steinar.

Steinras på fylkesveg 550

ENORME: Steinblokkene som har komme ned på fylkesveg 550 i Hardanger er av det store slaget.

Foto: Politiet

Må kanskje sprenge

Etter vurderinga vil det truleg ta lang tid å rydde opp.

– Steinane er såpass store at vi må truleg dele dei. Då må vi ha på plass riktig utstyr og då går tida, seier Åsmund Andersen Sekse, byggeleiar i Statens vegvesen.

Ura over vegen har lause steinblokker på toppen. Vegvesenet trur sikringsarbeidet nok vil bli tidkrevjande. Ingen kan jobbe nede på vegen før blokkene er sikra.

Det er kor raskt sikringsarbeidet kan gjerast som avgjer når vegen kan opnast.

Ras fv. 550

UNDERSØKER: Geolog skal vurdere faren for nye ras på fylkesveg 550 i Hardanger.

Foto: Olav Aga

Har sett inn skyssbåt

Raset får store konsekvensar for dei som bur i området og pendlar på vegen til arbeid. Omkøyringsvegane er lange. I dag er 28 elevar heime frå Hauso skule.

Måndag kveld blei det bestemt at ein skyssbåt skulle frakte reisande frå Grimo. Båten korresponderer med ferja på Utne.

– Båten vil gå så lenge vi treng det, seier ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge (Sp).

Reisande kan finna meir informasjon om båten på kommunen sine nettsider (ekstern lenke). Det vil også vere mogleg å ringe båten dersom ein treng skyss. Båten har plass til tolv passasjerar.

– Kor lenge toler de at vegen er stengd?

– Vi toler det eigentleg ikkje, for å vere ærleg. Vi håpar det ordnar seg fort, men vi styrer ikkje naturkreftene og må berre ha tolmod, svarer Borge.

Laster kart, vennligst vent...

STENGD: Det er usikkert når fylkesvegen i Hardanger kan opna. Omkøyringsvegane er lange.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås