Hopp til innhold

Vegen bidrog til dødsulukka: – Ein av dei verste svingane på E16

Ny rapport slår fast at vegstandarden spelte inn då ein person mista livet. No vurderer Statens vegvesen å senke fartsgrensa på staden.

Krevande sving på E16 ved Evanger.

SMÅ FEILMARGINAR: Vegbreidda er berre 6,5 meter og svingen blir krappare ut frå Holemarktunnelen og inn i Nakkagiltunnelen (på bildet) på E16 i Hordaland. Vegvesenet tok dette bildet under granskinga etter ulukka. Kollisjonen i oktober skjedde rett inne i tunnelmunninga.

Foto: Statens vegvesen

Ein 62 år gamal mann frå Sogn omkom då ekspressbussen han køyrde kom over i feil køyrefelt på E16 ved Evanger i Voss kommune i fjor.

Med 17 passasjerar om bord frontkolliderte bussen med eit vogntog.

Både politiet og no Ulukkesanalysegruppa til Vegvesenet konkluderer med sjåførfeil som ulukkesårsak.

Granskarane meiner 62-åringen var trøytt eller uoppmerksam slik at bussen kom over i motgåande køyrefelt på den krevjande europavegen.

Men ulukkesrapporten frå Vegvesenet peikar også på sjølve vegen som ein medverkande faktor til at det gjekk så gale som det gjorde.

Trafikkulykke E16

EIN OMKOM, FLEIRE SKADD: Bussjåføren (62) omkom i ulukka. Fem av 17 passasjerar vart sendt til sjukehus med lettare skader. Ingen av dei brukte setebelte, alle som slapp uskadd frå ulukka brukte setebelte.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Krapp sving gjennom to tunnelar

I den ferske ulukkesrapporten listar dei opp ei rekke forhold på ulukkesstaden som gjorde at sjåførfeilen vart fatal. E16 er svært lite tilgivande på denne staden:

  • Vegbana er berre 6,5 meter brei, med 20 cm vegskulder på begge sider. Møtest to store køyretøy er det svært vanskeleg å kome seg unna ved feilmanøvrering.
  • E16 går i ein sving gjennom to tunnelar, med berre 80 meter dagsone mellom. Dagens vegstandard krev avstand på minst 250 meter for å sikre best mogleg sikt.
  • Svingen blir stadig krappare, spesielt i retning Bergen. På 100 meter vegstrekning går kurveradiusen frå 600 til 300 meter, og vidare ned til 185 meter fram til den andre tunnelmunninga. Det vil seie at sjåføren må vri stadig meir på rattet gjennom svingen.

– Det er ein av dei verste svingane på E16 på denne strekninga. Spesielt om ein kjem køyrande frå Voss. Det er den første krappe svingen på ei stund, og den blir krappare i kurven, seier leiar Hans Olav Hellesøe i Ulukkesanalysegruppa.

Sikt frå Holemarktunnelen og inn i Nakkagilstunnelen på E16 ved Evangervatnet

SVING I TUNNEL: Bildet gir ei peikepinn på korleis oversikta er frå inne i Holemarktunnelen og fram mot ulukkespunktet ved tunnelen i bakgrunnen.

Foto: Street View / Google Maps

Små marginar

Avstanden på 80 meter mellom tunnelane får konsekvensar for sikten. Bussen kom frå Voss og var på veg inn i Nakkagiltunnelen.

«Sikt [ ...] er svært kort i forhold til å oppdage møtende kjøretøy. Sikt er dårligst i bussen sin kjøreretning», skildrar rapporten.

Granskarane skriv vidare at kurven på den krappe svingen «gjør det krevjande å holde bussen i eget kjørefelt inn i tunnel» og «sammen med tunnelmunningen blir det lite slingringsmonn når to store køyretøy møtes».

Då vogntoget og bussen trefte kvarandre ved innløpet til Nakkagiltunnelen, var bussen minst 85 cm over i feil køyrebane. Sjåføren var erfaren på strekninga.

Busspassasjerar har vitna til politiet at bussen var over i midtlinja med «rumlefeltet» nokre gonger før kollisjonen.

Kollisjonspunkt på E16 mellom ekspressbuss og vogntog

KOLLISJONSPUNKT: Vogntogsjåføren bremsa og såg at bussjåføren prøvde å svinge unna. Men dei to store køyretøya trefte kvarandre 85 cm til høgre for midtlinja (raud ring). Vogntoget mista kontrollen over styringa etter kollisjonen.

Foto: Statens vegvesen

Vurderer fartsreduksjon

E16 mellom Voss og Arna i Bergen har i ei årrekke vore prega av alvorlege ulukker. Millardoppgradering av vegen ligg fram i tid. Ny E16 og Vossebanen blir for tida berre planlagd frå Arna til Stanghelle, 28 km vest for Evanger.

Hellesøe i ulukkesgruppa seier eitt tryggingstiltak kan vera å setje ned fartsgrensa i svingen på ulukkesstaden. Å gå frå 80- til 70 km/t har vore vellukka andre stader.

– Det blir vurdert om ein skal seinke fartsgrensa på denne staden. Men nye kriterium for fartsgrensene er under behandling, så vi ventar på konklusjonane før vi vurderer dette punktet og resten av strekninga, seier sjefingeniør Svein Ringen i veg- og trafikkavdelinga i Vegvesenet.

– Utfallet av denne kraftige kollisjonen ville nok diverre vore det same ved 70 km/t. Men med nedsett fart hadde svingen vore lettare å handtera, avsluttar Hellesøe.