Hopp til innhold

Vegard (20) har stått 2 1/2 år i kø

Vegard Skår (20) har leddgikt. I to og eit halvt år har han venta på å få ein halvtime hos doktor.

Vegard Skår
Foto: Kristian Hovstad / NRK

LES OGSÅ: - Helse-Norge har nok penger

På ein hybel i Bergen sit Vegard Skår og skjelv på hendene. Nyleg har Vegard fått vite at han truleg har leddgikt - to og eit halvt år etter smertene starta over natta.

Vegard er nedprioritert.

Han er blant dei tre prosenta med pasientar som ikkje kan rekne med å bli prioritert.

- No er eg ganske dårleg. Eg knekte armen fleire gongar då eg var liten. Og det er akkurat slik det følest i handleddet no, seier han.

Skjelving

Skår er frå Osterøy, og går på skule i Bergen. Han veit godt kva det er å tåle smerte etter at han fekk leddgikt.

- Eg skjelv mykje på hendene, og føler meg langt frå pigg, seier han.

- Kor lenge har du gått slik?

- I to og eit halvt år. Eg synest det er rart at du skal stå to og eit halvt år i kø for å få ein halvtime hos ein lege. Dei seier dei skal prioritere unge, men det verkar ikkje slik, seier han.

LES OGSÅ: Sykehus i krise?

Anfinn (76) blir prioritert

Anfinn (76) ligg på ein benk på Haukeland Sjukehus med mange ledningar i alle retningar. Han er hjarteoperert og prioritert.

- Sjukepleiarane ser etter meg heile tida. Dag og natt, seier Anfinn nøgd.

På Haukeland sjukehus får Anfinn vita at ultralyden viste at det ikkje stod så aller verst til med hjarta hans.

- Det går bra med meg, så eg får håpe dei held liv i meg, seier han.

- Ikkje krise

Sykehusdirektør Stener Kvinnsland styrer eit budsjett på 6,2 milliardar for Helse Bergen. Han opplever likevel eit stort press frå både pasientar og tilsette for å få auka budsjettet.

Helse Bergen

Vegard (20) er i den gule, ytste stripa. - Det er kun i denne gruppa eg kan kutte, seier Stener Kvinnsland.

Foto: Kristian Hovstad / NRK

- Men det er ingen krisesituasjon, seier han.

Sirkelen på dataskjermen framføre Kvinnsland har ei stor raud kjerne - akutt hjelp. Utanpå kjerna er det ein brei, grøn ring med nødvendig helsehjelp.

Ytst er det ei smal gul stripe, som berre utgjer litt over tre prosent av budsjettet - anna helsehjelp. Her ligg bestemor som slit med lårhalsen, menn som slit med lettare psykiske lidingar og ei rekke pasientgruppermed kroniske lidingar.

Mellom dei er Vegard (20).

Spår lengre køar

Kvinnsland kommenterer ikkje Vegard sitt konkrete tilfelle, men seier på generelt grunnlag at det er kun i denne sjukdomsgruppa han kan kutte.

- Det betyr ikkje at vi ikkje forstår at det er trasig å gå med lidingar i mange år. Men slik er prioriteringa lagt opp, seier Kvinnsland.

- Fleire i lange køar?

- Det kan fort bli konsekvensane, ja.

Stener Kvinnsland

Sykehusdirektør Stener Kvinnsland.

Foto: Arkiv / NRK