Hopp til innhold

– Vegen stengt i fleire dagar

Eit steinras i Fanafjellsvegen gjer at vegen er stengt i fleire dagar. – Det er framleis rørsle i fjellet, seier politiet. Ein geolog har vore på staden for å vurdere faren for nye ras.

Steinras i Fanafjellsvegen

STEINRAS: To store steinar har rasa ut i Fanafjellsvegen, fylkesveg 163. Geolog har vore på staden og vurdert om det er fare for nye ras, og vegen er stengt i fleire dagar.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

SISTE: – Me har fått tilbakemelding på at vegen mest sannsynleg ikkje opnast på fleire dagar, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen Ronny Sleire til NRK.

Det var i utgangspunktet mogeleg å passere steinane i på fylkesveg 163, ved Ramberget, men då det framleis var rørsle i fjellet er vegen stengt.

Det er omkøyring via E39.

(Saka held fram under tweeten)

Laster Twitter-innhold

Fleire steinar

Ras Fanafjellet

STORE STEINAR: Slik ser det ut etter steinraset i Fanafjellsvegen. Det er framleis ustabil masse i fjellet.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Både politi og entreprenør var på staden i morgontimane. Dei var to større steinar, med småstein, som hadde komme ned med raset.

– Det er fleire store steinar som har rasa ned på fylkesveg 163, Fanafjellsvegen i Ramberget, sa operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Bjarte Rebnord til NRK i morgontimane.

Då det framleis er rørsle i fjellet, er vegen stengt på ubestemt tid, la han til.

Ustabile massar

Ein geolog var på staden for å vurdere faren for nye ras rundt klokka 9.30. Sikringsarbeidet er vanskeleg å gjennomføre då det er ustabile steinmassar i området.

Raset sperrar ikkje heile vegen, så det vil ikkje ta lang tid å rydde det vekk når ein kan gjere det, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Hanne Norheim.

Det går no også personar i tau på staden for å vurdere rasfaren.

NRK oppdaterer saka.

Steinblokker stengjer vegen over Fanafjellet.

VURDERER: Geolog Harald Hauso var på staden for å vurdere faren for nye ras.

Ras ved Ramberget