Hopp til innhold

No vil Bergen endra barnehagereglane

Byrådet i Bergen vil ikkje lenger nekta barn av dårlege betalarar ny barnehageplass. Kunnskapsministeren krev at andre kommunar også endrar reglane sine.

Jana Midelfart Hoff

ENDRAR REGLANE: Barnehagebyråd Jana Midelfart Hoff frå Høgre seier byrådet vil gå inn for at kommunen sine reglar vert endra.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Me ser at vedtektene våre kan strida mot retten til barnehageplass, og vil foreslå at reglane vert endra, seier barnehagebyråd i Bergen Jana Midelfart Hoff frå Høgre.

I ei rekkje artiklar har NRK.no avslørt at barn av dårlege betalarar har mista plassen i kommunale barnehagar grunna manglande betaling. I Bergen var det i fjor 33 barn som mista plassen, men òg fleire andre kommunar har kasta ut barn.

– I strid med barnehagelova

Alle dei norske storbyane krev at familiane må betala ned gjelda til kommunen før barna kan få ein ny barnehageplass.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

TYDELEG: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner kommunane sine reglar er i strid med barnehagelova.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre seier praksisen er i strid med retten til barnehageplass.

– Det er ikkje lov for kommunane å gjera det på denne måten. For å seia det enkelt, betyr denne vurderinga at ein ikkje skal råka barna for at foreldra ikkje kan betala for seg, seier kunnskapsministeren til NRK.

I tillegg peikar Røe Isaksen på at foreldra må ha fleire månadar med uteståande betaling, for at enkeltbarnehagar skal kunna seia opp barnehageplassen.

ALT OM SAKA: Barn av dårlege betalarar vert nekta plass i SFO og barnehage

– Det er eit vanleg kontraktmessig krav at misleghaldet skal vera vesentleg. Ein månad med manglande betaling ikkje er grunn nok til at barn skal mista plassen, seier kunnskapsministeren.

Brev fra kunnskapsministeren

BREV FRÅ STATSRÅDEN: Torbjørn Røe Isaksen rår kommunane til å bruka andre verkemiddel enn utkasting, når foreldre ikkje betalar rekningane sine. Bakgrunnen for presiseringa er eit spørsmål frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Senterpartiet.

Endrar vedtektene

– Det er bra at me no får ei sentral avklaring, seier barnehagebyråden i Bergen. Ho seier til NRK at byrådet vil no endra kommunen sine vedtekter på to punkt:

  • Det skal ikkje lenger stillast krav om at foreldra har betalt ned gjelda til kommunen for at barna skal få ein ny barnehageplass.
  • Byrådet vil heva terskelen for kva som skal til for at barnehagane skal kunna seia opp barn. I dag kan barn mista plassen ved manglande betaling i ein enkelt månad.

Tidlegare har Fylkesmannen i Hordaland og Utdanningsdirektoratet påpeikt det same, utan at byråden har handla.

– Dette har ikkje vore ei prinsippsak for meg. Eg er opptatt av at me no får vedtekter som er i tråd med lovverket, seier Midelfart Hoff.

Må framleis betala

Byråden slår likevel fast at familiar må betala for seg, om barna skal behalda barnehageplassen.

– Om dei ikkje er i stand til å betala skal dei få hjelp av det offentlege for å få betalt rekningane sine, seier byråden.

Statsråden krev no at resten av kommunane endrar reglane sine, slik Bergen no har signalisert.

– Eg reknar med at kommunane no vil sørga for at dei har reglar som sikrar retten til barnehage, seier Røe Isaksen.