NRK Meny
Normal

Flaumtoppen nådd: – Det gjekk betre enn vi frykta

Odda og Voss pustar letta ut etter flaumen denne helga. Toppen vart nådd i natt, og vatnet trekkjer seg no tilbake.

Gå til forsiden

Desemberflommen 2015 i Hordaland

Vangsvatnet på Voss etter flaumen i desember 2015

Desemberflommen 2015 i Hordaland

7 bilder

    NVE har følgt situasjonen på Voss og i Odda tett i heile natt.

    Flaumvarselet vart skrudd opp til høgste nivå, raudt, for Vossovassdraget seint i går kveld. I både Odda og på Voss sette kommunane krisestab for å handtere situasjonen.

    – Vi har nådd toppen i løpet av natta. Det syner målestasjonane våre. Vossovassdraget og Opoelva har stabilisert seg, og vi ser at vatnet er i ferd med å trekka seg tilbake, seier regiondirektør Brigt Samdal i NVE til NRK måndag morgon.

    Det ser ut til at faren er over på Voss.

    Flaumtoppen vart nådd i natt og vatnet er på veg tilbake på Voss.

    Nådd toppen

    NVE reknar altså med at flaumen nådde sin topp i natt, og at vatnet vil trekka seg ytterlegare tilbake i løpet av dagen. Men farenivået er framleis sett til raudt på Voss.

    Ein frykta lenge at Opoelva i Odda skulle gå over sine breidder, og på Voss vart 10–12 personar evakuert frå eit motell då vassnivået i Vangsvatnet auka kraftig søndag kveld.

    – Flaumtoppen kulminerte i ein 50-årsflaum i natt, seier vakthavande hydrolog Anne Gunvor Berthling i NVE.

    NRKs reporter på Voss fortel at vasstanden i Vangsvatnet framleis er høg måndag morgon, men ikkje på langt nær like faretrugande som seint i går kveld.

    – Betre enn frykta

    Framover er det mindre nedbør som vil koma som regn, og dagslyset vil no avsløra kor store skadane er.

    – Det er nok dessverre ein del skader. Til dømes er det ein del hus som har vatn i kjellarar. Men det har gått betre enn ein kunne frykta. Vi må bruke dagen i dag på å registrere dei skadane som er.

    – Vi vil følge situasjonen tett i løpet av dagen, seier Brigt Samdal i NVE.

    Det same seier Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb, som kan puste letta ut måndag morgon.

    – Det er viktig at me er i beredskap utover dagen, heilt til vi er trygge på at faren er over. Vi lærte i fjor at det er viktig å koma tidleg i gong med tryggingsarbeidet, og vi heiv oss rundt tidlegare denne gongen enn under oktoberflaumen i fjor.

    Vossevangen har sleppt unna dei største skadane, medan det er fleire hus på Granvin og i Evanger som er råka av dei store vassmengdene.

    Odda kommmune har ikkje lenger satt kriseleiing, ettersom flaumsituasjonen no er under kontroll. Etter å ha nådd flaumtoppen søndag kveld, går Opo-elva tilbake mot normalen i dag.

    Etter å ha nådd flaumtoppen søndag kveld, går Opo-elva tilbake mot normalen i dag. Men vassføringa er framleis høg, slik videoen frå reporter Tale Hauso viser.

    E16 opna

    På E16 mellom Voss og Vinje var det lenge stengt på grunn av flaumen, men klokka 10.45 er det opna for manuell dirigering på staden, fortel politiet.

    Meteorologisk institutt melder sørvest stiv kuling og sterk kuling i fjellet måndag, samt regn og regnbyer. Dei går også ut med OBS-varsel for fjellet i Sør-Norge i dag.

    – Kraftig vind i kombinasjon med snø vil gi snøfokk og vanskelege køyreforhold på fjellovergangane, heiter det i varslinga.

    • Hjå NRK Trafikk kan du halda deg oppdatert på vegmeldingar.

    Siste video

    Programleder: Mariann Reikerås
    Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
    Slik ser det ut i våre nye lokaler.