Hopp til innhold

Meteorolog: – Rart at ikkje vatnet gjekk lenger opp

Ekstremvêret «Vidar» nådde aldri så høgt som frykta på førehand. Det er ikkje meldt om skader i nokon av vestlandsfylka.

Stormflo ved Bryggen i Bergen
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Klokka 12.30 var varselet for ekstremvêret «Vidar» avslutta. Jamt over har den faktiske vasstanden vore lågare enn meteorologane varsla.

  • Bergen: Prognosane synte ei vasstand på 225 centimeter over sjøkartnull. Fasit: 218 centimeter.
  • Måløy: Prognosane synte ei vasstand på 269 centimeter over sjøkartnull. Fasit: 257 centimeter.
  • Stavanger: Prognosane synte ei vasstand på 169 centimeter over sjøkartnull. Fasit: 161 centimeter.

Det vart difor ikkje like ille som venta, men meteorologane meiner dei ikkje har bomma veldig.

Vatnet står no fleire centimeter over kaikanten i Stavanger, men det ser ut til at flaumsikringane førebels held.

SJÅ TIMELAPSE: Slik bevega vatnet seg i Vågen i Stavanger.

Overraska

– Det er jamt under prognosane over heile linja eigentleg. At det var litt mindre vind enn venta er nok ein grunn til av vasstanden vart noko lågare enn det vi varsla på førehand, seier meteorolog Frode Hassel ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det var som vanleg knytt mykje spenning til verdsarven i Bergen sentrum, nemleg Bryggen. Her har vatnet fleire gonger gått over kaikanten ved stormflod. Det skjer vanlegvis når vasstanden når over 205 centimeter.

Men Bryggen vart liggande i fred. Det overraskar meteorologen.

– Vi synest det er rart at ikkje vatnet då har gått over kaikanten framfor Bryggen. Men kanskje er Bryggen meir robust enn vi trudde. Det kan hende det er gjort endringar i grunnen som gjer at vatnet ikkje kjem så lett opp.

Stormflo Eid

FLOD: Også i Sogn og Fjordane gjekk det greit. Her frå Eid.

Foto: Øystein Torheim

Toppen nådd

Brannvesenet i Hordaland fekk berre ei oppgåve å gjera under stormfloda.

– Det var å legge ut lenser ved Skur 8 på Bryggen. Elles har dette gått veldig fint, seier vaktkommandør Stig Tetler ved 110-sentralen.

Også i Sogn og Fjordane er «faren» over. Politiet har ikkje fått inn nokre skademeldingar frå fjordfylket. Gallerist ved fjøresteinane i Lærdal, Olav Kristen Grøttebø, seier floda i dag var mindre enn venta.

– I dag gjekk det bra med kunsten på galleriet. Eg hugsar floda som var i 1993. Den var mykje større. Då rodde vi rundt i båt utpå her. Eg er elles glad for at meteorologane seier ifrå når det er venta høg flod, seier Grøttebø.

Vågen Vidar
Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Fiskemuseum under vatn

Nokon har likevel fått besøk av vatnet. Lenger ute på Bryggen gjekk vatnet over kaikanten. Det same skjedde lenger ute på både Skutevikstorget og Sandvikstorget. Ved sistnemnde trengde vatnet seg inn på Norges Fiskerimuseum.

Her plaskar dei tilsette rundt både inne og ute, utan å vere altfor uroa over vassmengdene.

– Det er bra det ikkje er så mykje vind, med tanke på bølgene. Bygget toler dette, og vi har blitt utsett for dette mange gonger. Ingen dramatikk, smiler handverkar Erik Clausen på museet.

Reporter Mette Anthun møtte Olaug Vetti Kvam og Frede Torsheim i vannmengdene ved Fiskerimuseet i Bergen.

VIDEO: Sjå direkterapporten frå Sandvikstorget i Bergen, der Norges Fiskerimuseum var oversvømd.

Laster innhold, vennligst vent..