Hopp til innhold

Vatnet fossa inn i kjellaren på kraftstasjonen: – Det var kritisk

MODALEN (NRK): Stor vasslekkasje i eit av dei viktigaste kraftverka til BKK, som takkar lokale brannmannskap for at det ikkje gjekk verre.

Vannlekkasje i Steinsland kraftverk

SVIKT: Kjellaren under kraftstasjonen vart fylt av vatn då reservepumpene svikta natt til torsdag.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Kraftselskapet BKK byrja denne veka eit planlagd arbeid med utskiftingar i kjølevassystemet i kraftstasjonen sin inst i Modalen.

Steinsland kraftverk er BKK sitt nest største målt i årsproduksjon. 620 milliardar liter vatn frå Stølsheimen renn årleg via turbinane og det blir årleg produsert 821 GWh med straum.

Natt til torsdag gjekk alarmen for høg vasstand i kraftstasjonen. I forbindelse med arbeidet hadde kraftstasjonen tre tilsette på nattskift.

Då ein av dei tok seg inn i kjellaren der alarmen gjekk, oppdaga han store vassmengder der det ikkje skal vere vatn i ein kraftstasjon. Vatnet stod 30-50 centimeter opp frå kjellargolvet.

– Han konstaterte at vatnet steig og ringde brannvesenet i Modalen. Dei kom raskt til og fekk etablert pumper for å få ut vatnet, fortel Frode Langhelle, driftsansvarleg for kraftverka til BKK.

Frode Langhelle, BKK, ved Steinsland kraftverk i Modalen

USKADD: Frode Langhelle, driftsansvarleg for kraftverka til BKK, konstaterer at enorme verdiar i utstyr og maskineri vart ikkje skadd i den ukontrollerte vasslekkasjen inne i fjellhallane i kraftstasjonen.

Foto: BKK

– Kritisk

Den store kraftstasjonen nord i Hordaland har mykje verdifullt utstyr og maskineri som kunne tatt skade av vassmengdene.

– Ei stund var det kritisk med tanke på det utstyret, sa vaktkommandør Jan Ove Haga ved 110-sentralen torsdag morgon.

Langhelle i BKK, som sjølv rykka ut til kraftstasjonen natt til torsdag, seier dei likevel raskt fekk kontroll då brannvesenet fekk på plass pumpene.

– Etter ei stund stabiliserte vasstanden seg og den byrja å gå sakte nedover. Vatnet måtte ha stige med mange meter før det vart heilt kritisk.

VASSLEKKASJE: BKK sin vasskraftstasjon på Steinsland i Modalen.

Tungt arbeid

Torsdag føremiddag er vatnet vekke frå kjellargolvet i kraftstasjonen. Då NRK var på staden var det oppryddingsarbeid etter innsatsen i natt.

Totalt åtte personar frå brannvesenet rykka ut. Seks av dei frå det lokale brannkorpset, medan to kom frå Knarvik.

Brannmennene i Modalen er deltidstilsette og rykka difor ut heimanfrå.

Kjellaren der vatnet steig ligg tre høge etasjar ned i fjellet i kraftstasjonen. Det var difor tunge løft som måtte til for at brannvesenet skulle få pumpene på plass nedover i etasjane.

– Eg er veldig imponert over den raske og gode innsatsen deira, seier Langhelle.

Vasslekkasje i BKK sin Steinsland kraftstasjon i Modalen

TUNG ARBEID: Kjellaren ligg tre høge etasjar ned i fjellet og det vart difor mange tunge løft for brannmannskapa.

Foto: BKK

Veit ikkje årsaka

Kraftverket har til vanleg eit hovudlensesystem, men dette var ute av drift på grunn av det planlagde arbeidet.

Eit mellombels lensesystem pumpa vatn frå lensebrønnen til sugerrøyrssluket, men det var dette systemet som svikta natt til torsdag.

– Vi veit ikkje årsaka til vanninntrenginga og vi veit ikkje eksakt kvar lekkasjen er. Vi er fleire som jobbar for å finne ut kva som har skjedd, slik at vi kan gjere tiltak for å rette opp i det, seier Langhelle.

Etter planen skal kraftverket opna produksjonen igjen fredag ettermiddag. BKK reknar førebels med at hendinga ikkje påverkar oppstarten av straumaggregata.